PEN: Den nye Opel Astra ser bra ut, men den er samtidig lite dristig. Den ser på mange måter ut et illustrasjonsbilde på en mellomstor stasjonsvogn. FOTO: Morten Abrahamsen 
PEN: Den nye Opel Astra ser bra ut, men den er samtidig lite dristig. Den ser på mange måter ut et illustrasjonsbilde på en mellomstor stasjonsvogn. FOTO: Morten Abrahamsen 

Mykje utstyr - men er det nok?

Opel har slite med å finne plassen sin i marknaden på 2000-talet. Dei har hamna i skvis mellom dei meir sofistikerte merka som har begynt å lage mindre bilar, og asiatiske merke som har ete marknadsdelar.

Det har rett og slett ikkje vore enkelt å vere eit merke som skal produsere heilt vanlege bilar.

Dei seinare åra har ei rekke av Opels modellar sett fine ut, men likevel har kundane køyrt forbi butikkane deira. No prøver dei seg på ein litt annan vri. Bilane ser framleis bra ut, men for å sukre litt ekstra har dei begynt å lefle med premiumutstyr.

Sofistikert

Ideen er lett å forstå. Med sofistikert utstyr som Matrix LED-lykter, nøkkellaus opning av bilen, ein sensor som gjer at ein kan opne bakluka ved å vifte med foten og anna ein knyter til premium utstyrsnivå, skil dei seg frå dei andre «vanlege» bilane. Samtidig betyr dette at dei framleis må tilby ein bil til ein god pris, elles vil kundane rase forbi Opel-butikkane og stoppe ved BMW og Mercedes-Benz.

Artikkelen held fram under biletet.

MATRIX: Alle som har sett reklamefilmen med Jürgen Klopp veit at bilen har det nyaste av lysteknologi, nemlig LED Matrix. Denne lysteknologien leser av trafikkbildet og justerer lysstyrke etter forholda.
MATRIX: Alle som har sett reklamefilmen med Jürgen Klopp veit at bilen har det nyaste av lysteknologi, nemlig LED Matrix. Denne lysteknologien leser av trafikkbildet og justerer lysstyrke etter forholda.

Og det har dei klart. Denne Astraen har ein veldig god pris om ein ser på utstyrspakken. Her har dei med andre ord eit pent triks i ermet. Innvendig byr han på svært gode sete, ein fin ergonomi og mykje teknikk. Det han ikkje har, er nivået på interiør som dei nemnde merka har. Samtidig har produsenten gjort ei skikkeleg opprydding innvendig. Layout og utføring er ryddig, men det ser og følast noko billigare ut enn i bilar som med rette kan kalle seg premium.

Tam girkasse

Bilen vi testar, har ein bensinmotor på 150 hestekrefter og automatgir. På papiret ein god miks, i verkelegheita litt tamt. Her trur eg nok automatgirkassen må ta ein del av skylda. Han er treg og følast noko gammaldags. Det var heller ikkje noko moglegheit til å overstyre dette med hendlar på rattet.

Køyreeigenskapane på si side er bra nok. Bilen er ganske nøytral, med eit oppsett som toler rufsete veg utan at tupeen ramlar av, og bilen er stabil i svingar. Sportsleg blir det ikkje, men det er heller ikkje poenget. Dette er ein familiebil, der komfort er viktigast.

SUV-problemet

Elefanten i bilbutikken er at svært få ser ut til å ønskje å kjøpe ei mellomstor stasjonsvogn. Den mellomstore SUV-en har tatt rotta på biltypen. Sjølv ein såkalla SUV med forhjulstrekk og veik motor ser ut til å vere føretrekt av mannen i gata, omtrent over heile verda.

Det Opel kan håpe på, er at den omfangsrike utstyrspakken vil få folk til å setje seg i bilen. For det er visst slik at har du fått ein potensiell kunde til å dumpe ned i setet, så er mykje gjort. Om eit sett med Matrix LED-lys og ei smart bakluke vil hjelpe her, er likevel litt usikkert.

Til toppen