HØGSTE SIDAN 1989: I byrjinga av februar var fyllingsgraden i norske magasin 67,2 prosent.​ Det er den høgste graden sidan 1989, melder NVE. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HØGSTE SIDAN 1989: I byrjinga av februar var fyllingsgraden i norske magasin 67,2 prosent.​ Det er den høgste graden sidan 1989, melder NVE. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Mykje vatn i magasina

I byrjinga av februar var fyllingsgraden i norske magasin 67,2 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste sida 1989, opplyser NVE. Gjennom veke 5 gjekk fyllingsgraden ned med 2,1 prosenteiningar mot 1,5 prosenteiningar veka før.

Mest vatn i magasina var det i Vest-Noreg (område 2) med 71,7 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 64,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 67,6 prosent. 

Låge kraftprisar

Kaldt vêr gav høgt kraftforbruk dei første vekene i 2016, noko som gjorde at kraftprisane steig i januar. Men mildare vêr den siste tida har gjort at kraftprisane no er tilbake på det låge nivået ein såg hausten 2015.

I veke 5 var gjennomsnittsprisen for straum 16 øre/kWh i alle dei norske elspotområda, ei halvering av prisen frå det høgaste nivået i januar, fortel Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Kraftprisen er låg på grunn av dei gode vassressursane i Norden for tida. I tillegg har kostnaden for å drive fossilfyrte kraftverk gått ned i takt med reduksjonen i kol-, gass- og CO2-kvoteprisane den siste tida. (©NPK)

Til toppen