DÅRLEG MED SNØ: Det er lite ved vêret som gir grunn til julestemning. På torget i Øvre Årdal passerer folk med hetta på eller under ein paraply. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
DÅRLEG MED SNØ: Det er lite ved vêret som gir grunn til julestemning. På torget i Øvre Årdal passerer folk med hetta på eller under ein paraply. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Mykje vind og nedbør i julehelga

Julesnøen lar framleis vente på seg mange stadar i landet, så håpet om ei kvit jul er i beste fall lysegrønt. Men meteorologane er i det minste sikre på at julestormen kjem.

Sogn: Vestlandet fekk ein forsmak på julestormen allereie tysdag då kyststrøka fekk vindkast på opp mot 30 meter i sekundet. Og det blir ikkje betre i julehelga.

Både fredag og på julaftan laurdag blir det meldt om vind frå sterk kuling og opp mot full storm på kysten. Snøen lèt vente på seg bortsett frå i høgda, mens regnbyene vil komme hyppig. Nokre stader vil det også vere fare for tore.

I Trøndelagsfylka blir det meldt same scenario på kysten med opp mot liten storm også i fjellstrøka. Sludd og regnbyer vil vere mantra for helga, med snøbyer i høgare strøk og stort sett opphaldsvêr utpå kvelden.

Stormen som no er på veg, kan bety mange dagar med dårleg vêr, ikkje berre på Vestlandet, men i Sør-Noreg generelt.

– Det er særleg Vestlandet og fjellet i Sør-Noreg som får trykket, seier statsmeteorolog Ida Fossli til yr.no.

Mildt og vått

Lågtrykket som gir storm i vest, vil gi mild og våt luft også dei neste dagane. Mens det regnar i låglandet  kjem nedbøren som snø i fjellet, meir eller mindre samanhengande. Dette kan gi problem  særleg på fjellovergangane.

Sjølv om det fredag vil bli litt mildare og litt mindre vind er dette bokstaveleg talt berre stille før stormen.

I Agder-fylka og i Telemark vil vinden komme opp mot stiv kuling på kysten. Nedbøren vil auke utover kvelden og komme som snø over 500–800 meter. Særleg i Vest-Agder blir det meldt om lokalt mykje nedbør.

Slik det ser ut no, er det Nord-Noreg og Austlandet som vil sleppe lettast frå uvêret. Rett nok vil vinden på Austlandet både på fredag og laurdag komme opp i stiv kuling. Nedbøren vil komme som regn, kanskje som snø i indre og høgare strøk. 

(©NPK)

Til toppen