Mykje vind ved fjellovergangane

Mykje vind ved fjellovergangane

Årdal/Lærdal: Det ser ut til at det kan vere mykje vind ved fjellovergangane søndag. Skal du heim frå påskeferie kan det vere lurt å sjekke vegmeldingane før du reiser.

Søndags morgon klokka 06.22, meldte statens vegvesen om stiv kuling, 1 grad og snøbyger på fylkesveg 53 Tyin-Årdal.

På riksveg 52 Hemsedalsfjellet var det vekslande snøslaps og snødekke, stiv kuling og 2 grader, i følgje statens vegvesen søndags morgon. Kolonnekøyring kan innførast på kort varsel. 

På Ev 16 melder statens vegvesen at det er bart og blautt. Klokka 06.35 var det 3 grader, frisk bris, og regnbyger.

 

Til toppen