VIL HA HEIS OPP TIL ANDRE HØGDA: Leiv Myklemyr og Gina Nundal, medlemer i Soknerådet. Her sit dei i det vesle forsamlingslokalet i fyrste etasjen attmed kjøkenet. Det store forsamlingslokalet til kyrkjelydshuset er i andre etasje. Berre ei bratt, smal trapp fører opp dit.
VIL HA HEIS OPP TIL ANDRE HØGDA: Leiv Myklemyr og Gina Nundal, medlemer i Soknerådet. Her sit dei i det vesle forsamlingslokalet i fyrste etasjen attmed kjøkenet. Det store forsamlingslokalet til kyrkjelydshuset er i andre etasje. Berre ei bratt, smal trapp fører opp dit. (Bilde: Snorre Sandemose)

Myklemyr: – Friske folk kan gå på Vettismorki, men folk med handicap kan ikkje nytta kyrkjelydshuset

Meiner det vert feil å setja to so ulike utgiftspostar som heis i kyrkjelydshuset og utsynspunkt i Vettismorki opp i mot kvarandre.

Årdal: – Eg er ikkje i mot at dei skal byggja utsynspunkt og fasilitetar på Vettismorki. Men å ta midlane frå noko so viktig som tilretteleggjing for dei med handicap, det synest eg er respektlaust, seier Leiv Myklemyr, medlem i Nedre Årdal Sokneråd.

Både Myklemyr og Gina Nundal er medlemer i soknerådet, men presiserer at dei ikkje uttaler seg på vegne av nokre andre enn seg sjølve i denne saka. 

Myklemyr trur at Hilmar Høl og dei andre som tek til orde for å leggja heisutbyggjinga på is kanskje ikkje kjenner godt nok til saka. 

– Det er viktig å kjenne godt til saka før ein uttaler seg, legg han til.

HEIS PÅ UTSIDA: Planane for utbyggjinga av heisen er alt utarbeidde, og jamført dei skal heisen vere tilknytt bygget på utsida, der Myklemyr peikar her. Heisen vil ta folk både opp til forsamlingslokalet og ned i kjellaren til toaletta. 
HEIS PÅ UTSIDA: Planane for utbyggjinga av heisen er alt utarbeidde, og jamført dei skal heisen vere tilknytt bygget på utsida, der Myklemyr peikar her. Heisen vil ta folk både opp til forsamlingslokalet og ned i kjellaren til toaletta.  Foto: Snorre Sandemose

Han minner om at kyrkjelydshuset er eit kommunalt ått hus, som soknerådet disponerer. Og at sjølv om det vart bygd som bedehus for 50 år sidan, og vert kalla for bedehuset på folkemunne, ikkje er å forstå som eit klassisk bedehus i dag.

– Det er eit hus som kjem mest alle i bygda til gode, seier han. 

– Folk vert ekskluderte

Myklemyr fortel at det er vanleg å leiga dette huset til å halda minnestund for den som har gått bort, når det har vore gravferd i bygda.

Kyrkjelydshuset er rimeleg å leiga, fortel Myklemyr. Han seier dei fleste årdøler ynskjer å samlast her etter gravferda, med mindre dei har seremonien heime hjå seg.

– Men eg har vore med på ei minnestund her der tre mann måtte bere ein kar i rullestolen opp til forsamlingslokalet i andre etasje, seier Myklemyr.

Andre gonger har han sett korleis ein heller valde å bere nokon opp utan rullestol, og bere rullestolen opp for seg. I alle høve er det tungvint, og ikkje minst risikofylt og uverdig etter ei gravferd, meiner han.

Gina Nundal stemmer i:

EIT HINDER: Trappa er som ei bru frå fyrste til andre etasje for folk flest, men for dei som ikkje kan gå, vert ho meir som eit stengsel. Det er òg ei vanskeleg trapp ned til kjellaren, der toaletta er. 
EIT HINDER: Trappa er som ei bru frå fyrste til andre etasje for folk flest, men for dei som ikkje kan gå, vert ho meir som eit stengsel. Det er òg ei vanskeleg trapp ned til kjellaren, der toaletta er.  Foto: Snorre Sandemose

– I 25 år har eg vore med her i Soknerådet, og det kan eg seia: Her er det mange som har måtte verta borne opp og ned trappa.

Myklemyr seier det er fælt å ikkje ha føresetnadene for å kunne inkludere alle i kyrkjelydshuset skikkeleg.

– Det er veldig sårt å i praksis ekskludere dei som har eit handicap, seier Myklemyr.  

Han fortel om ein konfirmantførebuing i fjor, der foreldre også var inviterte til å vera med konfirmantane. Men ein far som ikkje kunne gå opp trappa, laut reisa heim att.

Tungvint utan heis når ein skal arrangere joletrefesten og andre tilstellingar med servering

Ei av tilstellingane som vert arrangerte årvisst i huset er joletrefesten. Både eldre og yngre eldsjeler tek del i det mødesame arbeidet med arrangementet.

– Det er tungt å måtte gå opp og ned trappa med bestikk og tallerkenar, seier Nundal. 

Kjøkenet er nemleg i fyrste etasje, og forsamlingslokalet er i andre.

– Med heisen på plass vil det letta arbeidet med å stella i stand der oppe, seier Nundal.

Formannskapet kom på synfaring

– I sumar kom formannskapet hit på besøk, det var ein heil skokk som sat her. Då var det ei unison stemning blant alle dei frammøte at «her lyt noko gjerast», og «her lyt ein heis koma på plass», seier Myklemyr. 

Gina Nundal gjev so eit ark til porten.no, med oversyn over aktivitetar som vert haldne her, og som indikerer kva for ein hyrnestein huset er for lokalsamfunnet.

Ikkje berre er det eit populært hus å leiga til minneverdige dagar som dåp og bursdagar.

Her er det mellom anna knøttetreff for småungane, babysong, eldretreff, og basar. Og både katolikkane og dei ortodokse i bygda har samlingsstunder her. 

Til toppen