Aurland: Dei to telta har stått ved sørenden av Seltuftvatnet i Aurland kommune sidan 19. juli, kanskje lengre, skreiv politiet i ei pressemelding i dag.
Der gjekk dei samstundes ut og etterlyste eigarane av telta.

– Samtidig ber me om at andre som kan ha informasjon knytt til telta, eller har sett folk i nærleiken av teltplassen, tek kontakt med Årdal lensmannskontor, stod det i pressemeldinga.
- Les òg: Laksemysteriet er løyst
Overraska av oksekalvar
Merksemda etterlysinga skapte gav uttelling på direkten. Halvannan time etter den første kom ei ny pressemelding der mysteriet fekk ei logisk forklaring.
Fire vaksne og fire barn hadde sett opp telt ved vatnet då dei plutseleg fekk bråhast med å returnera heim.
– Politiet har fått forklart at dei ble skremd bort frå teltplassen av nokre oksekalvar og torde ikkje venda tilbake for å henta telt, mat og utstyr, skriv politiet i den oppdaterte pressemeldinga.
Ein lukkeleg slutt
Alle åtte har det heilt fint, men ønskjer ikkje merksemd frå journalistar, opplyser politiet. Politiet og Røde kors vil hjelpa til med å få tatt ned telta og ta med utstyret tilbake til Aurland.
Så får me håpa oksekalvane er meir venlegsinna denne gongen.