NABO REAGERER: Bygningane er planlagd i området nærast på bilete; John Magne Hiller sitt hus ligg til høgre og blir næraste nabo. Arkivfoto
NABO REAGERER: Bygningane er planlagd i området nærast på bilete; John Magne Hiller sitt hus ligg til høgre og blir næraste nabo. Arkivfoto

Nabo reagerer sterkt på bustadplanane på Bergo

John Magne Hiller blir næraste nabo til dei to brakkene kommunen vurderer å byggja for busetjing av flyktningar i Bergo i Lærdal. Han reagerer sterkt på planane slik dei ligg føre.

Lærdal: – Sjølv har eg ingen ting imot flyktningar, frå Syria eller Afghanistan eller kva, det er sårbare menneske som fortener respekt og å bli tekne vare på. Men å plassera ei stor gruppe menn eller kvinner i ei klyngje oppunder Bergo, om lag på min terrasse og mi kjøkentrapp, det burde sjølv rådmann Alf Olsen klara å sjå ulempene med.

Saka gjeld to bygningar Lærdal kommune har planar om å byggja i Bergo for å busetja flyktningar. Formannskapet hadde oppe saka torsdag førre veke og gav dispensasjon frå byggjegrensa i reguleringsplanen for området. 

Les også: Her vil kommunen byggja bustader for flyktningar

Det reagerer Hiller på, som er ein av to naboar som har klaga på planane.

– Dei to bygningane er plassert vinkelrett mot kvarandre, i opninga mellom dei er den einaste uteplassen. Den er på knappe 200 kvadratmeter, og går rett mot min terrasse. Eg veit ikkje om det skal bu ti flyktningar i brakkene eller tjue – to på kvart rom. Uansett er dette svært utriveleg for meg, med nøyaktig fire meter frå min terrassekant til uteplassen for dei to bygningane.

– Mykje hysj-hysj

Formannskapet vedtok at utforming av bygga blir tilpassa vilkår i gjeldande reguleringsplan – det vil seia at det skal vera småhusbygging i dette området – og at dette vert handsama som ein del av byggjesøknaden.

Hiller håpar i alle fall det ikkje blir bygningar utforma som dei som låg føre i sakspapira til formannskapsmøtet:

– Det er altså to hus, stygge som berre anleggsbrakker kan vera, med fire og seks soverom, alle i same storleik, og altså ikkje familiebustader. Husa bryt sterkt med byggeskikken på Øyri, kommunen set ikkje same krav til seg sjølv som til andre. I byggjeføreskriftene dei sjølve har vedteke, heiter det at bygningar i dette område skal fylgja den tradisjonelle byggeskikken der.

Han reagerer også på sein og mangelfull informasjon og dialog frå kommunen si side i saka:

– Situasjonsplanen  var ikkje klar før til møtet i formannskapet sist torsdag; til då brukte kommunen ein situasjonsplan der det tidlegare huset mitt – som brann ned – var på teikninga. Då såg det betre ut. Heile saka har det vore mykje hysj-hysj rundt, og innhaldet i brakkene har eg ikkje sett før sist torsdag.

– Fører til segregering, ikkje integrering

Heller enn å byggja store bustader for mange flyktningar på ein stad, meiner Hiller flyktningar bør busetjast i mindre einingar rundt om kring.

– Kommunen si løysing no fører til segregering, ikkje integrering. Det er ledige tomtar nok på Øyri. Det er neppe noko god løysing for menneske som har hatt det vanskeleg i livet sitt, kanskje med sterke traumatiske opplevingar bak seg. No skal dei klumpast saman oppunder Bergo, staden med aller færrast soldagar på heile solfattige Øyri.

Hiller fortel han har tenkt huset sitt som pensjonistbustad, men at han er usikker på om dette blir mogleg no.

– Eg trur heller ikkje at dei mange andre pensjonistane i Gjerde vil setja pris på kommunen si brakkeløysing. Vil ordførar og rådmann ha heile grenda på nakken, så har dei funne ein sikker måte å gjera dette på no.

Han strekar tydeleg under at det ikkje er planar om å busetja flyktningar på nabotomta han er kritisk til; det han reagerer på er utforming av bygningane og kor mange menneske det kan vera snakk om. 

– Ein vanleg einebustad med plass til ein vanleg familie, er heilt ok. Eg skal vera den fyrste til å ynskja dei velkomne, og eg tenkjer at heile Gjerde vil ta vel imot dei. 
 

Til toppen