ASYLMOTTAK: Dei næraste naboane til den planlagte asylmottak på Borgund stiller spørsmål ved fleire ting i søknaden til Høgeloft AS, som eig brakkeriggen. Teikning: Høgeloft AS.
ASYLMOTTAK: Dei næraste naboane til den planlagte asylmottak på Borgund stiller spørsmål ved fleire ting i søknaden til Høgeloft AS, som eig brakkeriggen. Teikning: Høgeloft AS.

Naboane kritiske til den planlagte brakkeriggen på Borgund

Parkering, tilkomst, storleik på bygget, samt plassering og sakshandsaming uroar naboane.

Borgund: Naboane til den planlagte brakkeriggen som skal huse mindreårige asylsøkarar i sentrum på Borgund er kritiske til fleire sider ved saka, kjem det fram etter to rundar med nabovarsel. 

Det er fleire ting som blir tatt opp blant naboane. I alt har det kome inn sju merknader frå privatpersonar, organisasjonar og det offentlege. Ein ting som får mykje fokus er parkering og tilkomst. 

– Me stiller spørsmål ved at det blir valt å setja opp bygg på eit allereie etablert og viktig parkeringsområde i strid med gjeldande reguleringsplan for Borgund sentrum, spesielt når det allereie er areal bestemt for næringsverksemd som står ledig ved området, skriv Rønnaug og Knut Johan Jansen i sitt svar. 

– I denne samanhengen ser me fleire ulemper med å plassere eit asylmottak på ein viktig parkeringsplass og tilkomstareal rett ved ein pub. Det er nok av plass å ta av i Borgund og Lærdal utan at det må gå på bekostning av allereie etablerte fasilitetar og bruksområde.

Bakvendt

I sitt svar stiller dei også spørsmål til at Høgeloft AS, som er namnet på selskapet som har kjøpt brakkeriggen, tilbyr seg å omregulere det omsøkte utbyggingsområdet sjølv.

– I tillegg er det bemerkelsesverdig at dei seier dette må då skje etter sjølve utbygginga har teke til. Dette høyrest heilt bakvendt ut og må stride med dei fleste utbyggingsprosedyrar. 

Føler seg overkøyrt

Også Lærdal Ride- og køyreklubb er kritiske til alt rundt parkering og tilkomst. 

– De må prøve å sjå dette frå vår synsvinkel. Det er ikkje så lett å ha liten plass når me driv med dur på fleire hundre kilo som brått kan slå seg vrange. Under køyrestevne brukar me også heile idrettsplassen, og me vil då ikkje kunne nytte idretssplassen som gjennomgang, noko som betyr at me ikkje kan bruka resten av anlegget under køyrestevnet, skriv dei. 

Klubben seier dei har vore i kontakt med Sogn og Fjordane idrettskrins og gitt beskjed om at dei føler seg overkøyrte i saka. 

Store svakheiter

Statens vegvesen har også kome med merknader til parkering, men seier dei kan akseptere at parkeringsforholda ikkje er avklart før bygget er oppført sidan dette gjeld ein søknad om oppføring av bygg som skal nyttast som asylmottak for einslege mindreårige. 

Også Borgund Utvikling peikar på det same, men seier seg positive til mellombels bruk av arealet og at Høgeloft kan få dispensasjon frå reguleringsplanen til å setja opp brakkerigg for ein periode. 

På den andre sida stiller nokre av naboane spørsmål ved involveringa av innbyggjarane, at det berre er næraste naboar som har fått nabovarsel når bygget blir så sentralt og ruvande i sentrum. 

– Slik me ser det er det i heilskap store svakheiter ved byggesøknaden skildra i nabovarselet. Det ser ut til at det er valt snare og enkle løysingar som er lite gjennomtenkt. Dette understrekar vår uro knytt til konsekvensar ved denne utbygginga. Det er ikkje lojalt overfor bygda eller kommunen å setja opp bygg som begrensar anna godt etablert aktivitet i sentrum, skriv Jansen i svaret sitt. 

Til toppen