DIALOG: Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal fortel han har oppretta direkte dialog med dei mest berørde naboane av ein eventuell pelletsfabrikk. Arkivfoto
DIALOG: Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal fortel han har oppretta direkte dialog med dei mest berørde naboane av ein eventuell pelletsfabrikk. Arkivfoto

– Naboane skal vera skadelause

Rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr., seier kommunen vil gjera sitt beste for å ivareta naboane av ein eventuell pelletsfabrikk på Håbakken på ein best mogleg måte.

Lærdal: – Så langt det let seg gjera vil kommunen leggja nasjonale retningslinjer til grunn i høve støy. Dette blir retningsgjevande i høve eventuelle kompenserande tiltak. Og blir det ikkje buande der, må me handtera ein slik situasjon også, seier Olsen.

Les også: Dette er støygrensene

Som Porten først omtalte kan det koma ein pelletsfabrikk på Håbakken i regi av Simas. Dei som vil bli næraste naboar av eit slikt anlegg er bekymra for at støy gjer det ubebueleg i området.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

– Må løysa det

Rådmann Olsen seier kommunen vil gjera sitt beste for å ivareta naboane i området: 

– Naboar skal vera skadelause i ein slik situasjon.

– Vil det seia at å kjøpa dei ut blir aktuelt om området blir ubebueleg?

– Det vil seia at me må løysa det, til dømes med lydisolering og-eller lydvollar. Blir ikkje det tilfredsstillande må me rett og slett finna andre løysingar.

Olsen fortel han har teke kontakt med dei mest berørte naboane i området for å betra dialogen. Porten har snakka med ein av dei - Linda Natvik - og ho stadfester dette.

Naboane meiner informasjonen så langt har kome for seint og vore for lite konkret rundt konsekvensar for dei som bur i området.

– Eit slikt prosjekt har fleire fasar. Først vart det finansiert gjennom omstillingsprogrammet for Lærdal kommune og gjennom dette gjennomført ein forstudie for å finna ut om ein slik pelletsfabrikk er ein god ide. Deretter starta forprosjektet for å kartleggja om ein slik fabrikk er mogleg å få til på Håbakken. Der er me no, og me ser at det er realistisk. Hadde konklusjonen vore motsett ville det ikkje vera noko poeng å ha uroa naboar før ein kom så langt, seier Olsen.

– Ikkje plass til pelletsfabrikk på eksisterande næringsareal

Han understrekar vidare at han forstår bekymringane til naboane.

– Eg føler me har informert så mykje me kan og på ein ryddig måte. Om dei berørde opplever at informasjonen kjem for seint, må me ta det til oss. Difor er denne direkte dialogen no oppretta.

– Ein nabo me har snakka med nemner også dei føler innvendingar dei kom med ikkje vart registrerte då alle berørde fekk stilla dykk spørsmål i møter med kvar og ein av dei berørde?

– I desse møta deltok underteikna, sakshandsamar i kommunen, ein representant frå Lærdal Næringsutvikling og to frå Simas næring. Tanken med desse møta var å gje ein så god og direkte info som mogleg før reguleringplanen blir lagd ut til offentleg høyring. Mi oppleving er at me har teke innspela på alvor. Opplever bebuarane det på ein annan måte må me ta det med oss vidare.

Fylkesmannen har uttalt at ein må ferdigstilla eksisterande næringsareal lenger aust på Håbakken før ein byggjer opp nytt. 

– Det kan tolkast slik, ja - dette ligg i såkalla rekkjefølgjebestemmelsar. Men Simas-prosjektet er så plasskrevjande at det ikkje går an å leggja det til eksisterande næringsareal. Difor ligg det politiske føringar for å utvida næringsarealet i Håbakken og då er dette nye området peika på.

– Vil Fylkesmannen godta ei slik forklaring?

– Det står att å sjå. Men det er snakk om 30 arbeidsplassar, og desse er viktige for Lærdal kommune. Så det skal tung argumentasjon til for å gå mot dette. Når reguleringsplanen kjem på offentleg høyring vil også Fylkesmannen kunne koma med sine nødvendige innspel.

– Me er også opptekne av lyd og naboar.

Hallvard Thomassen, dagleg leiar i Simas næring, seier det er for tidleg til at han kan vera konkret på kva støynivået vil bli:

– Det kjem an på korleis me utformar anlegget, den endelege teknologien som blir nytta også vidare. Eg kan seia at det blir ganske lik innmating som på eit sagbruk. Klakkelydar frå tømmeret og biltransporten vil stå for støyen. Oppkutting av tømmeret til flis skal me kunne byggja innandørs med lydfeller.

Artikkelen held fram under biletet

FORSTÅR: Dagleg leiar Hallvard Thomassen i Simas Næring AS fortel han forstår naboane er uroa. Arkivfoto
FORSTÅR: Dagleg leiar Hallvard Thomassen i Simas Næring AS fortel han forstår naboane er uroa. Arkivfoto

Han har forståing for at dei som bur i området er uroa.

– Me er også opptekne av lyd og naboar. I Granvin ligg eit sagbruk midt nedi sentrum, eg var dagleg leiar der i fleire år. Det blir litt støy, det skal me ikkje legga skjul på. Innspel som desse frå naboane tek me med oss no i forprosjektfasen.

Når det gjeld lukt ved eit eventuelt forbrenningsanlegg på Håbakken fortel han følgjande:

– Sjølve avfallshandteringa vil framleis skje i Festingdalen på Kaupanger. Her skal avfall pressast til energibrikker. Desse kjem fortløpande til forbrenningsanlegget innpakka i plast, så nyttar me varmeenergi frå energibrikkane til å tørka flisen. Så det blir ikkje avfallslagring i Håbakken.

– Så brikkene kjem luktfrie?

– Så kategorisk torer eg ikkje å seia det, men sjenerande lukt blir det ikkje. 

– Dei som bur i området tykkjer informasjon om kva dette er og faktiske konsekvensar for dei kjem for seint. Kvifor har dei ikkje fått meir info før?

– Eg skjønar dei føler det slik, men dette er forretningsutvikling. Eg tykkjer me er tidleg ute - så tidleg at det er mykje me ikkje kan gje eksakte svar på. Når me får jobba lengre med dette, kan me også gje betre svar. Men eg skjønar det er ein krevjande situasjon for dei som bur der.

Håpar på byggestart i 2018 

Thomassen ser føre seg følgjande tidsplan som det optimale:

– Forprosjektet skal vera ferdig til jul. Grunnarbeidet kan starta neste år og bygginga av sjølve anlegget vil tidlegast ha oppstart i 2018 - viss dette er så interessant som me håpar. Ein må ikkje gløyma dei store tankane bak - me meiner dette kan bli eit visningsanlegg for eit konsept resten av verda vil kunne vera interesserte i.

Rådmann Olsen jr. fortel kommunen jobbar intensivt med å få reguleringsplanen klar før årsskiftet.

– Simas treng avklaring til då. Me forventar det må ekstraordinære møter til i dei politiske organa. Reguleringsplanen må ut på høyring ganske snart, så skal den liggja ute i seks veker.  Siste kommunestyre før jul er siste sjanse til å vedta planen.

 

Til toppen