– EKKELT: Tor Åge Moen, framfor eigedomen som vart avbilda i Øvre Årdal. Foto: Ina Eirin Eliassen
– EKKELT: Tor Åge Moen, framfor eigedomen som vart avbilda i Øvre Årdal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Naboane varsla kvarandre etter besøk av mystisk bil

281 personar delte Facebook-statusen til Tor Åge Moen, etter opplevinga torsdag kveld. – Me må vera på vakt og passa på kvarandre, seier han. 

Torsdag kveld kom ein nabo springane over til Tor Åge Moen i bustadsfeltet Bukti i Øvre Årdal. Moen såg det ikkje sjølv, men fekk veta av naboen at ein mørk bil akkurat hadde vore på ferde og mellom anna stoppa utanfor huset til Moen.

Fotograferte eigedomen

Tre personar kom i  personbilen, der ei ung kvinne og ein eldre mann var ute for å fotografere både hus og hage på eigedomen til Moen. 

– Dei sikra seg truleg hundre bilete. Eg trur ikkje akkurat det var fordi huset mitt er så fint, seier Moen, som tykkjer hendinga var vemmeleg. 

Då bilen forsvann i retning Årdalstangen, vart naboane varsla og Moen la ut ei melding på Facebook for å åtvare folk, i håp om at nokon kunne ta nummeret på bilen.

Effektivt verktøy

Moen fekk også meldingar frå andre som hadde lagt merke til det same i området. 

– Me ringte også politi, dei tok saka på alvor. Dei kom både på besøk og køyrde seg ein runde for å sjå, fortel Moen. 

Vel eitt døgn seinare har saka vorte delt til 281 personar på Facebook. 

– Facebook er verkeleg eit effektivt verktøy for å varsle folk. Det er viktig at me passar på kvarandre, seier han. 

– Må følge med

Han er van med å ha døra ulåst, men no i seinare tid seier han det er tydeleg at ein må bli flinkare til å låse og å følge med på det som skjer rundt husveggane.

MELD IFRÅ: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier politiet sett stor pris på tips frå publikum. 
Foto: Ina Eirin Eliassen 

– Kven veit, kanskje blir ein eit offer ved eit seinare høve, seier Moen. 

Det er no knappe to veker sidan NRK Sogn og Fjordane melde om ei linkande hending i Luster. Ei kvinne gjekk då ut med åtvaring, etter ho hadde hatt ubedne gjestar som fotograferte gjenstandar på eigedomen sin, noko ho trudde var rekognosering til innbrot.

Meld ifrå om du ser noko

Magne Knudsen, lensmann i Årdal, seier til Porten.no at det er viktig at du tek kontakt med politiet om du ser liknande hendingar, og noterer deg bilnummer.

Til toppen