KRITISKE: Linda Etterlid og Laila Natvik forklarte kvifor det var vanskeleg med tilkomst til ridebana på sørsida. Den gule og svarte pinnen var sett opp for å vise kor hjørnet på brakkeriggen vil vere. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KRITISKE: Linda Etterlid og Laila Natvik forklarte kvifor det var vanskeleg med tilkomst til ridebana på sørsida. Den gule og svarte pinnen var sett opp for å vise kor hjørnet på brakkeriggen vil vere. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Naboane viste sin misnøye

Trass minusgrader på Borgund denne dagen var temperaturen høg då dei folkevalde og naboane var på befaring i samband med brakkerigg-saka.

Borgund: Før ei endeleg beslutning skulle takast i formannskapet var dei folkevalde på befaring på Borgund for å sjå på området brakkeriggen skulle setjast opp på. Nokre timar seinare landa dei på eit ja i formannskapsmøtet med tre mot to røyster.

Tilstades var også dei som blir dei næraste naboane til brakkeriggen, og dei gav tydeleg beskjed om kva dei meinte om saka.

– Du ser vel at det ikkje går med tilkomst her? Driver du med hest? Veit du at det går? sa Laila Natvik, leiar i Lærdal Ride- og køyreklubb, då Trond Øyen Einemo, ein av eigarane av Høgeloft AS, forklarte kva alternativ til tilkomst dei såg føre seg.

KLAR TALE: Etterlid og Natvik gav klar beskjed kva dei treng av tryggleiksmarginar
KLAR TALE: Etterlid og Natvik gav klar beskjed kva dei treng av tryggleiksmarginar

Tilkomst og parkering

Det var nettopp tilkomst og parkering, samt utsjånaden på bygget naboane uttrykte sine meiningar om. Når det gjeld tilkomst, er det tre alternativ på bordet. Det eine er langs brakkeriggen på sørsida. Det andre er på kortsida av riggen på austsida, og det siste alternativet er over idrettsplassen.

– Så då vil du rasere den? spurte Knut Johan Jansen, nabo på austsida av området. 

Det siste alternativet blei raskt utelukke då det kom fram informasjon om at tilkomst over eller parkering på idrettsbana uansett er uaktuelt fordi kommunen då må betale tilbake rundt 750 000 kroner i tippemidlar som er utløyst på idrettsanlegget. 

Tryggleiksmarginar

Då stod det att to alternativ til tilkomst. Laila Natvik og Linda Etterlid i rideklubben forklarte at ein ekvipasje treng minst fem meter på grunn av tryggleiksmarginar. 

– Ein hest kan hoppa til sida. Det er levande dyr som er uforutsigbare. Dessutan får me mindre spelerom. Me brøyter ridebana for snø og må horve når ho blir for hard, og då nyttar me store køyretøy, forklarte Etterlid. 

Dei to understreka også at brakkeriggen vil skape utfordringar når det vert arrangert ridestevne, då plassen bygget skal stå på vert nytta til parkering. Stevna to gonger i året er den viktigaste inntektskjelda deira, der opp til 30 hestar deltek. 

KRITISK: Knut Johan Jansen, nabo på austsida, forklarte at tomta hans eigentleg går lenger ut enn der gjerde hans står i dag.
KRITISK: Knut Johan Jansen, nabo på austsida, forklarte at tomta hans eigentleg går lenger ut enn der gjerde hans står i dag.

Mellombels

Men skulle det bli brakkerigg, såg dei helst at tilkomsten vert langs austsida mot tomta til Jansen. Det var ikkje han interessert i.

– Det går ikkje i det heile. Eigentleg går tomta mi lenger ut enn gjerdet som står der i dag, sa han og stilte også spørsmål til bruken av ordet mellombels i søknaden.

– Det er to ulike paragrafar me snakkar om, der ein med den eine ikkje søker etter vanlege reglar i lova. Det gjeld ansvarsrett. Me har ikkje sagt at me ikkje skal ha ansvarsrett, og då er det ingenting som heiter to år, svarte Einemo. 

– Og når det gjeld grensene, så har eg tatt utgangspunkt i grensene på kartet, og viss du bestridar det, må du ta det med kommunen, la han til og forklarte at det skulle vera fem meter mellom bygget og grensa på austsida.

Når dei ti åra det er søkt om er over, må det søkast på nytt eller så må bygget rivast og fjernast.

Direktekjøp

Trass innspela gjekk altså fleirtalet i formannskapet for å gi dispensasjon, men om det blir asylmottak er framleis ikkje sikkert.

Sidan Høgeloft ikkje rakk anbudsrunden for drift av mottak for einslege mindreårige før jul, der det var mogleg å få til drift i tre pluss tre år, går dei no for eit direktekjøp på seks pluss tre pluss tre månader.

Dette er direktekjøp som staten via Utlendingsdirektoratet (UDI) kan gjere, men på grunn av statens innkjøpsreglar og sidan det ikkje er anbudsrunde, kan dei ikkje kjøpe plassar for meir enn seks månader. 

Til toppen