SINTE: Kjørnesbebuarane er ikkje nøgde med svara dei har fått frå vegvesenet til no og krev at støyproblemet blir tatt på alvor. Frå venstre: Terje Fylling, Borgny Navarsete, Trine Nagell og Arinbjørn A. Kuld.
SINTE: Kjørnesbebuarane er ikkje nøgde med svara dei har fått frå vegvesenet til no og krev at støyproblemet blir tatt på alvor. Frå venstre: Terje Fylling, Borgny Navarsete, Trine Nagell og Arinbjørn A. Kuld.

Naboar klagar på bilstøy: – Urettferdig

Meiner bråket frå riksvegen går utover livskvaliteten og gir nytt betongrekkverk skulda.

Sogndal: Tjue bebuarar på byggjefeltet Kjørnes i Sogndal har gått saman om ein klage til Statens vegvesen. Dei meiner bråket frå bilvegen forverra seg dramatisk då vegvesenet i fjor sette opp eit nytt betongrekkverk på riksvegen nedanfor.

KLAGEMUR: Dette autovernet i betong vart sett opp i fjor og er kjelda til det auka støynivået, meiner bebuarane.
KLAGEMUR: Dette autovernet i betong vart sett opp i fjor og er kjelda til det auka støynivået, meiner bebuarane.

– Bråken frå bildekka slår i muren og rett opp her. Dei på nedsida her kanskje fått mindre støy, men vi på oppsida har fått det djevla mykje verre enn tidlegare, seier Ingrid Loftesnes.

Les også: Leie av bøter: – Me blir straffa av arbeidsgjevaren vår

Våt veg er verst

– Det kan ikkje vera rett at livskvaliteten til dei over vegen skal bli dårlegare, fordi dei har bygt nedanfor. Det er dèt vi synst er så urettferdig, seier ho.

Dei bur på forskjellige delar av Kjørnes, men kan alle skrive under på at lydnivået har blitt verre. Susinga frå riksvegen er klart merkbar der dei står på altanen og kikar ned på straumen av bilar. 

– Det var støy før òg, men ikkje slik som no. Etter at den muren kom opp har det vorte stor forandring, seier Borgny Navarsete.

– Spesielt på blaut veg, så er det kolossalt mykje støy, seier Arinbbjørn A. Kuld.

No krev dei at vegvesenet tek grep for å ta luven av det verste.

– Det må bli opp til dei å finne løysingane, det har ikkje vi greie på, seier Ingrid Loftesnes.

Vegvesenet håpar på ny støymåling

Sakshandsamaren er på ferie, men sjefen hennar i seksjon for plan- og forvalting, Tone Tonheim, seier dei er på saka.

– Vi er ikkje ute etter å gjere det betre for nokon og verre for andre. Tiltaket har vore gjort i beste meining, seier ho.

Ho seier betongmuren vart sett opp for å løyse støyproblema for byggjefeltet på nedsida av riksvegen. Bakgrunnen for valet var lite plass, ein vanleg støyvegg vart difor vanskeleg å få til.

– Eg er ikkje kjent med at dette betongrekkverket skapar mykje støy, men det kan godt hende at den reflekterer oppover, seier ho.

Vegvesenet er akkurat no i ferd med å ferdigstille ein rapport etter ei støykartlegging. Håpet er å få lagt inn ei tilleggsmåling på Kjørnes, slik at fakta om støyproblema kan kome på bordet.

– Men det er ikkje avklara enno, seier Tonheim.

Til toppen