MØTER SOGNDAL: Fjøra har vore favorittar så langt i cupen, men kan nyte underdog-stempelet når dei no skal møte Sogndal i 1. runde i cupen. Foto: Halvor Farsund Storvik.
MØTER SOGNDAL: Fjøra har vore favorittar så langt i cupen, men kan nyte underdog-stempelet når dei no skal møte Sogndal i 1. runde i cupen. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Nabooppgjer for Fjøra i 1. runde av cupen

Ein kan nesten ikkje bli tettare naboar enn det Fjøra og Sogndal er. I slutten av april møtest dei to naboane i cupen. 

Sogndal: Det er klart etter at Norges Fotballforbund offentleggjorde den 1. runden i cupen fredag. Der vart det klart at Fjøra og Sogndal skal barke saman på vegen mot Ullevaal.

– Når me set opp første runde, er målet å få flest mogleg gode oppgjer i nærmiljøet som vil skapa stemning, og me legg vekt på kortast mogleg reiser, seier seksjonsleiar for tuneringsadministrasjon og arrangement, Rune Pedersen til fotball.no. 

Kortare reise kunne ikkje nokon av laga få sidan begge har Fosshaugane Campus som si heimebane. 

1. runde i cupen er den første ordinære runden etter at det har blitt spelt to kvalifiseringsrundar. Der slo Fjøra først ut Skavøypoll, før dei sendte Årdal ut tidlegare denne veka. I begge desse oppgjera har nok raudtrøyene måtte finne seg i favorittstempelet, men mot Sogndal blir det motsett.

Om cupbomba smell på Fosshaugane, gjenstår å sjå. Kampen er sett opp 26. april. 

Til toppen