SAMDE:  Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal er samde om å jobba for å skapa ein sterkare Vestlandsregion. Foto: Ida Grøttvik Slettevoll, KS. 
SAMDE:  Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal er samde om å jobba for å skapa ein sterkare Vestlandsregion. Foto: Ida Grøttvik Slettevoll, KS. 

«Naboprat» om ein sterkare Vestlandsregion

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i desember 2015 eit ønskje om at dei fire vestlandsfylka greier ut ein handlekraftig, folkevald landsdelsregion på Vestlandet. Fylkestinga i Rogaland og Hordaland har gitt liknande signal.

Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland fylkeskommune diskuterte i «nabomøte» 29. mars vegen vidare for ein ny vestlandsregion. No startar arbeidet med ein intensjonsplan.

Les også: Krev fleire oppgåver i ny Vestlandsregion

Tok initiativ

Sogn og Fjordane fylkeskommune tok initiativet til «naboprat» med fylka nord og sør for oss i høve regionreforma, og innleia tidlegare i år drøftingar om ein vestlandsregion med Hordaland og Rogaland. Eit slikt arbeid bør vere ferdigstilt så tidleg i 2016 at eventuelle vedtak om fylkessamanslåingar vert gjorde i fylkestinga seinast hausten 2016.

29. mars møttest fylkesordførarane, fylkesvaraordførarane og fylkesrådmennene frå dei tre fylka, og bestemte framdrifta for vidare arbeid med ein intensjonsplan.

Det er no lagt opp til at fylkesting og fylkesutval i dei tre fylka før sommaren får lagt fram ei statussak der ein godkjenner hovudstrukturen i ein intensjonsavtale, samt forhandlingsmandat.  Fylkestinga får så intensjonsavtalen til godkjenning i oktober, med eventuelt vedtak om samanslåing i desember 2016.

Overføring av statlege oppgåver

Hovudkonklusjonen i arbeidet er at ein vil ha ein oppgåvestyrt regionreform-prosess.  I eit brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i mars 2016 stilte fylkesordførarane i dei tre fylka krav om overføring av fleire statlege oppgåver til ein tenkt vestlandsregion:

·         Statens vegvesen sitt regionapparat, med tilhøyrande fylkesfunksjonar.

·         Kulturrådet og tildelingar til regionale formål frå Kulturdepartementet.

·         Kjøp av regionale jernbanetenester.

·         Deler av Noregs forskingsråd sine programområde.

·         Konsesjons- og rettleiingsoppgåver frå NVE og anna regional naturressursforvalting.

·         Dei delane av BUF-etat som ikkje kan leggjast til kommunane.

·         Regionale miljøvern- og landbruksforvaltningsoppgåver som ikkje inneber kontroll og tilsyn.

·         Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) sine regionale funksjonar.

I tillegg ber ein om at dei statlege høgskulane blir vurdert overført til regionane.

 

 

Til toppen