– Nærast unntakstilstand i Bermålstunnelen

Onsdag kveld gjennomførte Statens vegvesen ein stor brannøving i Bermålstunnelen saman med entreprenørane og alle etatar i Lærdal og Årdal. 

Årdal: Om lag 30 personar var i sving då den store tunnelbrannøvinga gjekk føre seg på fylkesveg 53 mellom Årdal og Fodnes. 

– Det er nærast unntakstilstand. Me har ikkje det naudsynte utstyret på plass i tunnelen no når me driv med vedlikehald- og rehabiliteringsarbeid inne i tunnelen, seier Thorleiv Hurthi, byggeleiar for prosjektet.

Sjå biletgalleri frå øvinga øverst i saka ved å klikka deg til høgre. 

Les også: Stor brannøving i Bermålstunnelen​ 

Øvinga var eit av måla i Statens vegvesen sin sikkerheits- helse og arbeidsmiljøplan (SHA). 

Realistisk 

Bakgrunnen for brannøvinga er at det har vore arbeid i Bermålstunnelen sidan byrjinga av januar 2016 fordi heile tunnelen skal oppgraderast. 

– Det er ikkje permanente vifter, lys eller naudnett inne i tunnelen. I løpet av natta når arbeidet føregår er det rundt 30 personar som jobbar inne i tunnelen med mykje tungt utstyr og hindringar, seier Hurthi. 

Då alarmen gjekk, rykka ambulanse og brannvesen frå både Lærdal og Årdal ut til den fiktive ulykkesstaden. 

– Dei andre øvingane som me har hatt har anten vore konsentrert rundt Årdal eller Lærdal. For å få ei mest mogleg realistisk øving, så må ein rykka ut frå begge sider. Viktigast av alt er at me må læra oss å samarbeida. Det er slike øvingar me vil ha, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i begge kommunane. 

Han legg til at dei altfor sjeldan får tid til slike store øvingar saman. 

Skjer fort og uventa

Tunnelbrannar er eit kjent fenomen spesielt på Vestlandet. Dei siste åra har det vore tilfelle i både Skatestraumtunnelen og to gonger i Gudvangatunnelen. 

– Ting skjer fort og uventa. Me har bratte tunnelar med mykje forskjellig køyretøy og sjåførar. Slike øvingar er det svært viktig at me har. Spesielt i samarbeid med entreprenørane som jobbar inne i tunnelane, seier Sven Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune har bevilga 1,4 milliardar kroner til oppgradering av fylkesvegtunnelane. Dette rehabiliteringsprosjektet skal gå fram til 2025. Bergmålstunnelen er ein av dei. I SHA-planen er det bestemt at det skal vere minst i beredskapsøving i slike tunnelar. 

– Brannvesenet i Årdal, Lærdal og Aurland har kunnskap basert på erfaringar i Gudvangatunnelen. Eg vil sei at brannvesenet i Indre Sogn har størst kunnskapar om tunnelar i heile landet. Noko som også er naturleg, sidan det er her det er tettast mellom tunnelane, seier Hurthi.

Bilbrann inne i tunnelen

Scenarioet som spelte seg ut onsdag kveld var at ein bil vert påkøyrd av ei anleggsmaskin inne i tunnelen. Dei som jobbar inne i tunnelen må handla deretter. I tillegg skjer det ein antennelse og det oppstår brann inne i tunnelen. 

– Om noko slikt skjer, vil brannvesenet i både Lærdal og Årdal rykka ut. Dei må sjølve finne ut kven som rykker inn i tunnelen og kva dei skal gjera med den påkøyrde bilen. Her er redning av personar hovudfokuset. Sløkking av brannen kjem i andre rekkje. I dei fleste tilfella, må ein vurdere om brannen berre skal brenne ut av seg sjølv. Trafikantane må tenka på at dei skal redda seg sjølve om ein brann oppstår, seier Johsngaard

Prislappen for beredskapsøvinga i Bergmålstunnelen er på 100.000 kroner. Det er etatane sjølve som står for regninga. 

– Me prøver å få til ei årleg øving, men det er ikkje så lett å få til, seier Johnsgaard. 

Sikrar tunnelen

Arbeidet i Bergmålstunnelen føregår måndag til fredag om kvelden og natta. Tunnelen blir opna til gitte tidspunkt der leiebil fører trafikken gjennom frå begge sider. Det har blitt gjort kompenserande tiltak for å auke tryggleiken som å redusere farten frå 80 kilometer i timen til 50. 

– Me kjem til å jobbe i tunnelen fram til nyttår slik at den skal bli sikkerheitsgodkjent. Dette involverer ein god del sprengningsarbeid. Me lagar ny infrastruktur og vant- og frostsikring. Det at det kan skje ei ulykke, skal me ikkje sjå vekk ifrå, seier Hurthi. 

Under øvinga kom ambulansen frå Årdal. Scenarioet var at ein bil med to skadde personar i vart frakta ut av tunnelen. Ambulansepersonalet måtte starte gjenoppliving på staden på den eine personen og hjelpe den andre som hadde fått røykskadar. 

Ventilasjon er nøkkelen

 Under brannen i Skatestraumtunnelen tok det tre timar å få snudd røyken etter at beskjeden vart gitt. I Bermålstunnelen øvde dei også på korleis dei skal snu og styre røyken om det skulle bli brann. 

– Etter at me hadde sett fyr på dekka inne i tunnelen, stod røykproppen i ro midt inne i tunnelen i 10 til 15 minutt. Så flytta den seg sakte men sikkert mot Fodnes. Det var ikkje særleg mykje fart på den. Her ser ein kor lite me veit om ventilasjon. Grunna sol og oppvarming, vart det lettare for oss å flytta røyken mot Årdal ut på kvelden med bruk av vifter, seier Johnsgaard. 

Brannsjefen påpeikar at kunnskap om ventilasjon er svært viktig om det oppstår brann i ein tunnel. 

– Det er viktig å dele erfaringar. Brannvesenet er flinke til det, men også på entreprenørsida er det viktig at dei er informerte. Det er ikkje alle tunnelar som er utstyrte med ventilasjonssystem og då er det naudsynt for alle involverte å veta om det. Eg trur dette var ei øving som me alle fekk stor verdi av, avsluttar Johnsgaard. 

Til toppen