PROSJEKT: Seks kommunar og elleve nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. I Sogn er det kommunane Luster og Aurland som deltar. Foto: Merkur-programmet.
PROSJEKT: Seks kommunar og elleve nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. I Sogn er det kommunane Luster og Aurland som deltar. Foto: Merkur-programmet.

Nærbutikkar i Sogn skal utviklast til lokale servicesenter

Seks kommunar og elleve nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. 

Aurland: Prosjektet blir gjennomført av Merkur-programmet i samarbeid med Distriktssenteret og KS.

I Sogn er kommunane Luster og Aurland handplukka til å vere med på prosjektet, saman med 1-3 nærbutikkar frå kvar kommune.

Tysdag denne veka var 37 ordførarar, rådmenn og kjøpmenn frå Sogn og Fjordane samla på Rognaldsvåg i Flora kommune for å dra i gang det nye prosjektet, saman med representantar frå Kommunaldepartementet, Distriktssenteret, KS og Merkur.

Målsettinga med det nye prosjektet er å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar slik at butikken får ei rolle som kommunes forlenga arm i lokalsamfunnet.

Butikken skal vere ein møteplass

Det er snakk om å utvikle nærbutikken som eit lokalt servicesenter, med eit variert tilbod av tenester for folk og næringsliv. Det er også fokus på butikken som møteplass, både for fastbuande, tilreisande og nye innbyggjarar med behov for integrering.

Vidare ønskjer ein å stimulere til lokalt utviklingsarbeid der butikken får ei entreprenøriell rolle som nav i eit lokalt nettverk. Til slutt kan det vere aktuelt å etablere forpliktande avtalar mellom butikk og kommune, der butikken tek på seg nye oppgåver i lokalsamfunnet på oppdrag for kommunen.

Tanken er at dersom nærbutikken tek ei slik rolle, kan til dømes eldre bu lenger heime før dei flyttar til omsorgsbustad. Økonomisk skal det også styrke nærbutikkane sjølve.

Merkur-prosjektet «Kommunen og nærbutikken» er sett i gang etter initiativ frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Prosjektet skal gå over to år og vere avslutta i 2019.

Til toppen