300 000:  No står berre 300 000 kroner att før finansieringa av ei MR-maskin på Lærdals sjukehus er fullførd. Arkivfoto: Lærdal kommune
300 000: No står berre 300 000 kroner att før finansieringa av ei MR-maskin på Lærdals sjukehus er fullførd. Arkivfoto: Lærdal kommune

Næringslivet blar opp

14 verksemder i Lærdal bidreg med til saman nesten ein kvart million til MR-maskina.

Lærdal: – Lærdal Grønt var fyrst ute og gav 50 000 kroner. Med dei som førebilete og med ei god sak som dette er, så gjekk det raskt å samle nesten ein kvart million, seier Helene Maristuen på vegne av styret i Lærdal næringssamskipnad. 

GLER SEG: Helene Maristuen i Lærdal Næringssamskipnad gler seg over at så mange verksemder i Lærdal er med på spleiselaget for MR. Arkiv
GLER SEG: Helene Maristuen i Lærdal Næringssamskipnad gler seg over at så mange verksemder i Lærdal er med på spleiselaget for MR. Arkiv

Dei største bidragsytarane er Lærdal Grønt som har gitt 50 000 kroner, Lærdal Energi med 100 000 kroner, 2tal Elektro AS med 10 000 kroner og Økonomiservice med 25 000 kroner. Dei ti øvrige aktørane har gitt opp til 5000 kroner kvar. Totalt er bidraget frå dei 14 verksemdene på 231 500 kroner. 

Her er heile lista: 

  • Borgund Mur og Entreprenærservice: 2 500 kr
  • Borlo Vandrarheim: 1 000 kr
  • Fretland Bygg AS: 5 000 kr
  • Fretland Eigedom AS: 5 000 kr
  • Kari Voll: 1 000 kr
  • Knut Raa AS: 5 000 kr
  • Lokreim Bygg og Betong AS: 15 000 kr
  • Lærdal Energi: 100 000 kr
  • Lærdal Grønt: 50 000 kr
  • Lund Hjort: 2 000 kr
  • Metopro: 5 000 kr
  • Solheim Taxi: 5 000 kr
  • 2tal Elektro AS: 10 000 kr
  • Økonomiservice:  25 000 kr

– Bortimot ein halv million

– Me drøfta det kjapt  i styret og så tok me ein runde på telefon og e-post rett før helga. Mange hadde bestemt seg for å gje og denne oppfordringa var berre det som mangla. I tillegg har mange i næringslivet vore flinke å gje tidlegare så totalt sett trur eg næringslivet i Lærdal står for bortimot ein halv million, fortel Maristuen.

Porten melde fredag at ein halv million stod att før finansieringa var fullførd.

​ Nokre av bidraga frå desse 14 aktørane var då komne inn – men ikkje alle, så status måndag føremiddag er at rett i overkant av 300 000 kroner manglar.

– Me gler oss over å få vere med å bidra, avsluttar Maristuen. 

Til toppen