Aurland: Målet med rådet er å samla næringslivet og leggja til rette for samarbeid på tvers av kommunen.
Arbeidet med å oppretta rådet starta allereie våren 2018, då eit interimsstyre vart sett. Leiar av styret, Knut Helge Kjærvik, seier at næringslivet i Aurland har vore oppdelt.

– I dag har me fleire forum, råd og foreininger med eigne styrer og eigne saker dei jobbar for, men me har ikkje ei felles røyst på tvers av bransjar med felles mål for utvikling av kommunen vår, seier han.
Håpar på rask og effektiv kommunikasjon
Kjærvik seier at næringslivet i Aurland har opplevd stor vekst dei siste åra. For å møta veksten meiner han det var viktig å ta grep for å samla næringslivet.
– Næringslivet ynskjer også å samla seg med éi røyst gjennom eit næringsråd for at viktige spørsmål kring næringslivet vert handsama raskt og effektivt, seier han.
Ordførar Noralv Distad (H) var positiv til tiltaket, og delte følgjande på sin Facebook-profil etter møtet:
– Godt frammøte og stor entusiasme for å jobba for næringsutvikling. Aurland kommune ser det som positivt at næringslivet organiserer seg på denne måten og ser fram til godt samarbeid.
Organisering
Næringsrådet danna ein modell dei kalla Aurlandsmodellen.
– Modellen byggjer i sterk grad på å fanga opp flaskehalsar, begrensningar, mogelegheiter og arbeid for felles overordna mål for alle næringsaktører. Med god informasjonsflyt frå medlemma til styret, skal dette kanaliserast i formelle kontaktpunkt mellom næringsrådet og Aurland kommune, fortel Kjærvik.
Aurland kommune skal stille med leiarar frå administrasjon og politisk leiing til fastsette møter utover året.
Alle næringsdrivande i Aurland som er registrerte i foretaksregisteret kan melda seg inn i næringsrådet.
– Me vonar at flest mogleg ser verdien i å stå saman. Om ein ikkje ser eigenverdi, håpar me at ein ser samfunnsverdien for Aurland. Saman vert me slagkraftige, seier Kjærvik.
Næringsrådet har sett seg følgjande mål:
- Vera ein profesjonell interesseorganisasjon for næringslivet i Aurland Kommune.
- Vera ein frittståande og uavhengig organisasjon basert på medlemskap.
- Vera talerøyr og brubyggjar mot organisasjonar, kommune og andre offentlege instansar.