FULLPAKKA: Future of the Fjords var full av næringslivsfolk under jomfruturen i Balestrand. Snart skal båten gå i rute mellom Gudvangen og Flåm. (Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Foto: Ole Matias Aa)
(Bilde:  )
(Bilde:  )

Næringslivstoppane var med på jomfruturen til den elektriske nyvinninga

Den heilelektriske passasjerbåten Future of the Fjords er klar for å erobra verdsarvfjordane. Før helga fekk næringslivsfolk ein smakebit av kva turistane har i vente.

Balestrand: Store delar av næringslivet i fylket fekk vera med på ein totimars prøvetur med Future of the Fjords under næringsdagane i Balestrand før helga.

– Dette er den første heilelektriske turistbåten me har bygd. Søsterskipet er ein hybrid, ein elektrisk dieselbåt, denne er heilelektrisk. Det er me stolte av, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

HAR TRUA: Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, har trua på ei elektrisk framtid. Foto: Synne Asheim Haga

Den tekniske nyskapinga  er laga av Brødrene Aa i Hyen, og skal gå i rute mellom Flåm og Gudvangen. Den er 42 meter lang, 15 meter brei, og veg 145 tonn. Batterikapasiteten er på 1800 KWh, eller tilsvarande atten fullspekka Teslaar.

Ladinga er òg nyskapande. Brødrene Aa har saman med reiarlaget The Fjords utvikla ei flytande ladebrygge, som i tillegg til å lada skipet på 25 minutt, òg tek hand om alle utsleppa frå båten medan den ligg til kai.

– Dette er ein båt heilt utan utslepp, dette er ein pioner, eit heilt nytt produkt som me har klokkartru på vil slå til, seier Neteland.

Allereie eitt år etter at hybridbåten Vision of the Fjords vart sett i trafikk på verdsarvfjorden i Aurland i fjor, er altså den heilelektriske oppfølgaren klar. Neteland utelukkar ikkje at det vil koma fleire i kjølvatnet av dei to suksessane.

– Eg håpar det. Viss marknaden responderer positivt, så er me villige til å bygga fleire båtar. Vi trur at dette vil slå til, seier han.

Til toppen