ÅTTEDOBLA KAPITAL: Storevegen 28 Holding AS hadde 30.000kr i aksjekapital i januar, i august registrerte dei ny kapital på 240.000kr. På biletet: Greta Mari Steinheim og Ole Vidar Øren.
ÅTTEDOBLA KAPITAL: Storevegen 28 Holding AS hadde 30.000kr i aksjekapital i januar, i august registrerte dei ny kapital på 240.000kr. På biletet: Greta Mari Steinheim og Ole Vidar Øren. (Foto: Arkiv)

Næringsloggen: Aksjeselskap åttedobla aksjekapital, og treningssenter melde sletting

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Sogn den siste veka.

Indre Sogn: Treningssenter i Årdal oppløyst, og aksjeselskap gjekk frå ein kapital på 30.000 kroner til 240.000 kroner på åtte månader. 

Kjelder: Brønnøysundregisteret, Proff.no. 

Byggfirma i Aurland oppløyst

Byggfirmaet Sigmund Bakk AS vart oppløyst 29.august. Dagleg leiar er Sigmund Alfred Bakk. Det er eit aksjeselskap som starta i juli 2007, med ein startkapital på 100.000 kroner. Selskapet har drive verksemd innan byggeledelse, styring og kontroll av byggeprosjekt.

Fjellsportselskap bytta styre

Torstein Skage trappa ned frå rolla som styreleiar for BREOGFJELL AS. Styremedlem er Halvor Johannes Dannevig, Jan Reinhardt Næss, Ken Pettersen og Stein Falsen Møller. I juni vart Viktor Emanuel Persson ansett som ny dagleg leiar, etter Einar Løken, som hadde rolla i to år. 

Aksjeselskapet starta i 2012 med ein kapital på 30.000 kroner. Selskapet er basert i Sogndal og driv guide- og kursverksemd knytta til fjellsportaktivitetar. 

IT-konsulentfirma bytta styre

Mylearnview Norway AS bytta styre. Det er eit aksjeselskap basert i Sogndal som driv konsulentverksemd knytta til informasjonsteknologi, og som leverar teknologi og konsept til læring. Selskapet vart registret i september 2017 og hadde ein kapital på 30.000 kroner.

I slutten av august vart Marianne Braaten vald til nytt styremedlem i tillegg til eksisterande medlem Olav Jonson Skjeldestad og styreleiar Torbjørn Undeland. 

Eigedomsfirma ansette ny revisor

Tufte Bygg AS tilsette oslobaserte PwC, Price Waterhouse Coopers AS, som revisor. 

Selskapet vart stifta i 2016 med ein startkapital på 600.000 kroner og driv verksemd innan kjøp, salg og utleige av fast eigedom, og er basert i Sogndal. Styreleiar er Magnar Munch-Tufte. 

Nytt eigarseksjonssameige i Sogndal 

Ulvahaugen Øvre Sameige vart registrert i Brønnøysundregisteret 27. august. Eit eigarseksjonssameige består av eigarandelar i ein eigedom der kvar eigar har einerett til å fritt bruka sin seksjon.

Styret består av leiar Oddgeir Ludvik Uglum og medlem Ida Loftesnes Kvåle, Vegard Tore Strand og Per Terje Aarnes. 

Leasingselskap bytta styre

Vestlandske AS er eit aksjeselskap med tidlegare namn Tønsberg Kabling og Sjøtransport AS, som driv verksemd innan utleige og leasing av sjøtransportmateriell.

Arne Glenn Flåten er nytt styremedlem i tillegg til styreleiar Øystein Meek. 

Aksjeselskap åttedobla aksjekapital

Storevegen 28 Holding AS endra styre og registrert kapital. Selskapet er basert i Årdal og driv investeringar i aksjar, verdipapir og fast eigedom, samt verksemd knytta til dette. 

Selskapet heng saman med bustadprosjektet Storevegen 28, som skal bygga 11 leilegheiter.

Selskapet vart stifta i januar med ein startkapital på 30.000 kroner. I august registrerte selskapet ny kapital på 240.000 kroner. Styret består av leiar Greta Mari Steinheim, som òg er leiar i Årdal boligbyggelag, og medlem Ole Vidar Øren, som jobbar i Legal Eigedom.

Treningssenter sletta

Årdal Treningssenter AS melde sletting 31. august. I august i fjor vart foretaket oppløyst i Brønnøysundregisteret etter kreditorvarsel. 

Selskapet vart stifta i 2009 med namnet Trening for deg Årdal AS med dagleg leiar Ole Johnny Haugen. Selskapet hadde ein startkapital på 100.000 kroner og føremål om å driva verksemd knytta til drift av treningssenter. I 2010 vart namnet endra til Årdal Treningssenter AS. Frå 2010 til no har det vore endringar i styret og forretningsadresse.

Til toppen