SEINKA KAPITALEN: Klesbutikken Årdal Mote i Årdal aukar kapitalen frå 1,7 millionar til 2,5 millionar.
SEINKA KAPITALEN: Klesbutikken Årdal Mote i Årdal aukar kapitalen frå 1,7 millionar til 2,5 millionar. (Foto: Arkiv)

Næringsloggen: Årdal Mote auka kapitalen, og ny eksportør i Sogndal

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn den siste veka.

Indre Sogn: Årdal Mote endra kapitalen, aurlandsbedrifter fusjonerte og Sogndal fekk to nyregistreringar innan blant anna eksport til Asia.

Kjelder: Brønnøysundregistrene, Proff.no

Klesbutikk endra kapital 

Årdal Mote auka aksjekapitalen frå 1,7 millionar kroner til 2,5 millionar kroner. Omsetninga i 2017 var på 4,3 millionar, ein auke på 650.000 frå året før.

Butikken vart starta i 2005 under dagleg leiar Aud Henjum.

Campingplass endra styre

Campingplassen Visit Gudvangen i Aurland har bytta styre. 

Aksjeselskapet vart starta i 2016 under dagleg leiar Johnny Steensen, med ein kapital på 120.000 kroner.

Dåverande styre bestod av leiar Lene Hagen, nestleiar Johnny Steensen og medlem Rebecca Hagen Steen. 

I oktober gjekk Steensen ut som nestleiar i styret, medan Bjørn Micael Ravneng kom inn som styremedlem.

Eigedomsselskap fusjonerte

Den aurlandsbaserte butikk- og handelverksemda L Hyllands EFTF fusjonerte med overtakande bedrift L Hylland og Sønner Eiendom As.

Førstenmnde vart stifta i 2002, under dagleg leiar Geir Hylland, med ein kapital på 100.000 kroner. Selskapet har drive med butikkhandel, bensinstasjon og persontransport. 

Overtakande bedrift vart stifta i 1990, og har drive utleige av eigen eller leid eigedom, og har ein kapital på 300.000 kroner. 

Enkeltmannsforetak skifta namn og føremål

Enkeltmannsføretaket Valkyria Gunn Wester har byta namn til Edel og Vill Gunn Tuxen Wester. Eigar er Gunn Tuxen Wester, som saman med namnebytet endra adresse frå Aurdal i Oppland, til Aurland i Sogn.

Selskapet tilbyr naturopplevingar, kurs, klede og tekstilar.

Finansselskapt seinkar kapital

J.M Invest As i Lærdal vedtok på generalforsamlinga i september at aksjekapitalen skulle setjast ned frå èin million kroner til 250.000 kroner, etter kreditorvarsel. 

Summen på 750.000 kroner som blir til overs skal betalast tilbake til aksjeeigarane.

Selskapet i Lærdal vart starta i 2008 under dagleg leiar Jarle Molden, og hadde ein aksjekapital på 100.000 kroner. Selskapet driv med finans og rådgjeving, samt investering i små og mellomstore bedrifter nasjonalt og internasjonalt.  

Nyregistreningar i Sogndal

Valorem Vallis As vart registrert 3.oktober under styreleiar Jon Dale og held til i Sogndal. Aksjeselskapet har ein kapital på 40.000 kroner og vil driva med eksport av nordiske varer til Asia. 

The New Bike Company As vart registrert 12. oktober under styreleiar Eirik Halvorsen Henanger. Aksjeselskapet har ein kapital på 30.000 kroner og vil driva med utvikling og sal av syklar. 

Investorselskap endra dagleg leiar

Lux Eigedom, som i september skifta namn frå Parkside As, melder at dagleg leiar Arne Johannes Ness sluttar. 

Sogndalbaserte Parkside AS vart stifta i 2017 under dagleg leiar Arne Johannes Ness. Aksjeselskapet hadde ein kapital på 30.000 kroner ved oppstart og driv med investering og drift av anlegg og eigedom, samt handel og utvikling av næringsaktivitet. 

Til toppen