DOBLAR KAPITALEN: Selskapet som skal realisere bustadprosjektet i Storevegen 28 har dobla aksjekapitalen.
DOBLAR KAPITALEN: Selskapet som skal realisere bustadprosjektet i Storevegen 28 har dobla aksjekapitalen. (Snorre Sandemose)

Næringsloggen: Eigedomsselskap i Årdal doblar kapitalen, duo startar bilspa i Lærdal

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn den siste veka.

Indre Sogn: Rekneskapsførarar i Luster legg inn årene 70 år etter oppstarten, byggefirma i Sogndal er trua av tvangsoppløysing, og investeringsselskap i Årdal får ei heftig kapitalinnsprøyting.

Kjelder: Proff.no, Brønnøysundregistrene

Startar bilspa i Lærdal

Lærdal Custom & Bil Spa er eit nystarta selskap i Lærdal. Føremålet er å importera og selja bilar, lastebilar, båtdelar, motorsyklar og utstyr til desse. Tanken er òg å tilby diverse vaske- og lakkeringstenester, mellom anna. Eigarane er Audun Helge Bjørkum og Pawel Zwolinski.

Hyppig rullering i Luster

Luster Grønt, som driv eit bærmottak på Høyheimsvik, har endra styret for andre gong på under èin månad. Hans Herman Kalhagen frå Gaupne kjem inn som styreleiar for Øyvind Johan Samnøy frå Fortun. Erik Kalhagen går frå å vera styremedlem til å bli nestleiar i staden for Johannes Hauge. Simon James Page, Henry Nilsson Talle og Kurt Magne Fardal kjem inn i som styremedlemmer. Ut går Brita-Kristine Bollingberg og Henrik Røneid.

Tradisjonsrike rekneskapsførarar takkar for seg

Luster rekneskapslag har meldt oppløysing. Avviklingsstyret ber om at eventuelle krav eller motsegn blir melde innan seks veker. Ifølgje eigne nettsider vart samvirket etablert i 1954. Dei er totalt seks tilsette, og enkelte har vore i jobben i over 40 år, står det vidare. Selskapet fører i hovudsak rekneskap for landbruket. I fjor hadde dei 4,5 millionar i omsetning, og gjekk omtrent 267.000 i pluss.

Kan bli oppløyst ved tvang

Stjerne Bygg i Sogndal har fått varsel om tvangsoppløysing. Årsaka er at selskapet ikkje har registrert statsautorisert revisor. Frist til å retta opp feilen er fire veker. Viss ikkje kan tingretten oppløysa selskapet utan fleire varsel. Selskapet har vakse frå 2,7 millionar i omsetning i 2014 til 9,9 millionar i 2017.

Tidleg omdøyping

Tre månader etter oppstarten har selskapet Gudvangen Rent and Drive i Aurland endra namn. Det nye namnet er Gudvangen Waterbike & Car Rent. Selskapet opplyser samstundes at føremålet er å driva utleige av sykkel og vannsykkel, i tillegg til bilar. Selskapet er eigd av Zoltan Zahorsky og Fjallarr Olavsson Stalheim. 

Heilomvending i Flåm

Enkeltpersonsføretaket Fru Marsh i Aurland vart starta i 2014 med mål om å selja barne- og damekle. I september endra selskapet føremål til å skulla driva med persontransport.

Kapitalinnsprøyting i investeringsselskap

Selskapet Storevegen 28 i Øvre Årdal aukar aksjekapitalen med 120.000 til 240.000 kroner. Samstundes har selskapet gjort endringar i styret. Greta Mari Steinheim tek over som styreleiar for Ole Vidar Øren, som vert styremedlem. Selskapet vart starta i januar 2018, med mål om å realisera bustadprosjektet til Årdal Boligbyggelag og Legal Eigedom på adressa.

Gamle nyhende

Marianne Jevnaker frå Årdal er tilsett som dagleg leiar i Vitensenteret i Sogn og Fjordane. Tilsettinga har vore kjent ei stund, men no er det offisielt kunngjort i føretaksregisteret i Brønnøysund. Selskapet vart etablert i februar i 2018 med ein aksjekapital på over 3 millionar. Føremålet er å etablera og driva eit Vitensenter på Kaupanger.

Musikar i Årdal startar bedrift

Aannevik er namnet på eit nytt selskap i Øvre Årdal. Innehavar er Andreas Aannevik, som ønskjer å tilby tenester innan musikkbransjen, vera sessionmusikar, produsent og lydteknikar, for å nemna noko.

Nedjusterer aksjekapitalen

Tegneservice Linde i Øvre Årdal set ned aksjekapitalen frå 100.000 til 30.000 kroner. Pengane vil bli utbetalt til aksjeeigarane. Selskapet vart etablert i 2007 med mål om å tilby tekniske teiknetenester, datatenester, prosjektoppfølging, og liknande. Omsetninga har gått frå 2,3 millionar i 2007 til 841.000 i 2017. Selskapet har ikkje hatt dagleg leiar sidan 2012. Eit anna selskap i Øvre Årdal, Tyinvegen 3, nedjusterer òg aksjekapitalen frå 100.000 til 30.000 kroner. Selskapet vart oppretta i 2004 for å driva med kjøp og utleige av eigedom.

Ny konsulent i Luster

Elias Bolstad på Skjolden har starta ei selskap der han ønskjer å tilby diverse konsulenttenester, mellom anna byggeleiing, utarbeiding av område- og reguleringsplanar.

Vil leiga ut arbeidskraft

Min Mester er eitt nytt selskap på Leikanger. Føremålet er å driva utleige av arbeidskraft. Dagleg leiar er Edgars Kokins.

Til toppen