NUMMER III i rekka: Selskapet The Fjords Fartøy III har blitt skipa i Flåm, med Aurland Ressursutvikling og Fjord1 som eigarar.
NUMMER III i rekka: Selskapet The Fjords Fartøy III har blitt skipa i Flåm, med Aurland Ressursutvikling og Fjord1 som eigarar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Næringsloggen: Fjordføljetong i Aurland, nytt eigedomsselskap i Sogndal, app-utviklarar legg inn årene i Årdal

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Sogn den siste veka i vår faste serie.

Indre Sogn: Kvar veke gir me deg næringsloggen, ei kjapp oppsummering av kva som rører seg i næringslivet: alt frå konkursar til nystarta verksemder, daglege leiarar som kjem eller går.

Opplysingane er i hovudsak henta frå føretaksregisteret, som registrerer alle norske og utanlandske selskap i Noreg. Me konsentrerer oss om det som skjer i dei åtte kommunane i Indre Sogn:

Nytt eigedomsselskap i Sogndal

Sognehus eigedom er eitt nytt selskap i Sogndal starta av Terje Hove Thorsnes. Føremålet til selskapet er mellom anna å oppføra og selja hus, hytter og leiligheiter. Thorsnes er òg eigar og dagleg leiar av Sognehus, eit selskap som sidan starten i 2012 har vakse til 21,5 millionar kroner i omsetnad.

App-utviklarar legg inn årene

Selskapet Limitless Application i Årdal har varsla om oppløysing. Robert Mathisen leiar avviklingsstyret. Selskapet vart skipa i 2016 med ein aksjekapital på 100.000 kroner, og med mål om å utvikla applikasjoner for iOS og Android. Dei to åra det eksisterte har selskapet ikkje hatt inntekter, men gått 104.000 i minus.

To selskap blir eitt

Cafe Herman og Skald Eigedom i Leikanger kommune har blitt slegne saman til eitt selskap. Selskapet Cafe Hermann er sletta etter samanslåinga. Lars Nes er dagleg leiar for begge selskapa, som han òg eig. Cafe Hermann har ikkje vore i fast drift på nokre år, men har blitt brukt til lukka arrangement i ny og ne. Slettinga blir gjort for å forenkla rekneskapa, medan aktiviteten er forventa å bli den same framover.

Ny føljetong i Flåm

Selskapet The Fjords Fartøy III har blitt skipa i Flåm i Aurland kommune, ein oppfølgjar til The Fjords Fartøy I og II skipa i 2015 og 2017. Føremålet er oppført som «reiseliv på fjordene på Vestlandet». Rolf Andrè Sandvik vert dagleg leiar, medan Aurland Ressursutvikling og Fjord1 halvparten av aksjane kvar. Sverre Sellæg Tysland vert styreleiar, medan Solrun Hjelleflat, Andre Høyset og Dagfinn Neteland vert styremedlemmar.

Aukar aksjekapitalen

Skophamar Holding på Hafslo i Luster kommune har redusert aksjekapitalen frå 120.000 til 30.000. Pengane har blitt betalt tilbake til eigar Ola Skophamar, som starta selskapet i 2013. Skophamar Holding eig alle aksjane i Skophamar Eigedom og Røyrleggjarservice, begge starta av Ola Skophamar i 2014. Røyrleggjarservice står oppført med åtte tilsette, og ei omsetning på 11,5 millionar kroner i 2017. 

Slettar nettbutikk

Nadeeshop Kurab Røen vart starta i 2014 med mål om å selga klede og interiør gjennom nettbutikk. No har enkeltmannsføretaket blitt sletta.

(Kjelder: bbreg.no, proff.no)

Til toppen