SATSAR: I næringslivet i Indre Sogn den siste veka tilsette blant anna herrefrisørsalongen Cut Point i Sogndal ny dagleg leiar.
SATSAR: I næringslivet i Indre Sogn den siste veka tilsette blant anna herrefrisørsalongen Cut Point i Sogndal ny dagleg leiar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Næringsloggen: Frisør tilsette dagleg leiar, og Lægreid hotell seinka kapitalen

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn den siste veka.

Indre Sogn: Lægreid Hotell seinka kapitalen med over ein million kroner, nysatsinga Cut Point frisørsalong har tilsett ny dagleg leiar og eit byggselskap i Sogndal var begjært oppløyst grunna manglande revisor. 

Kjelder: Proff.no, Brønnøysundregistrene

Transportfirma bytta revisor

Godstransportør Nils Menes Transport As frå Leikanger melde til Brønnøysundregistrene at revisor utgår. 

Aksjeselskapet vart stifta i 1998 under noverande styreleiar Nils Menes og har ein kapital på 100.000 kroner. Selskapet driv verksemd innan godstransport på veg. 

Hotell seinka kapital

Lægreid Hotell As i Sogndal vedtok under generalforsamling i september å setja ned aksjekapitalen frå 5.7 millionar kroner til 3.7. Mellombeløpet på 1.995.000 kroner skal tilbakebetalast til aksjeeigarane. 

Aksjeselskapet vart stifta i 1993, og dagleg leiar er Atle Lægreid.

Byggjeselskap var begjært tvangsoppløyst

Nylenda 2 As frå Sogndal vart 2 oktober begjært oppløyst som følgje av at selskapet ikkje hadde registrert eller statautorisert revisor, som er eit brot på aksjelova.

No har dei tilsett Deloitte som revisor.

Aksjeselskapet vart starta i 2016 under dagleg leiar Atle Eikevik med ein startkapital på 100.000 kroner. Selskapet har drive verksemd innan utbyggjing og utvikling av eigedom.

Ridehall endra styre

Sogn Ridehall frå Kaupanger endra styre. Aksjeselskapet vart starta i 2008 på Kaupanger under styreleiar Arild Andersen, med ein kapital på 100.000 kroner.

Dåverande styre bestod av leiar Andersen og medlem Hilde Kristin, Steinar Hofslundsengen, Osvald Hildeskor, Edvin Orrestad og Margit Rimeslaatten Farestveit. 

Hoflundsengen står att som styremedlem medan dei andre fire utgjekk. Nytt styre består av medlemma Katrine Eikeberg Moen og Anette Hjelleflat Heggestad. 

Reklamebyrå endra kapital

Gasta Design & Kommunikasjon As frå Sogndal endra kapital frå 305.000 kroner til 30.500 kroner. Mellombeløpet på 274.500 kroner tilbakebetalast til aksjeeigarane. 

Reklamebyrået vart starta i 1997 og dagleg leiar er Vidar Bondevik. 

Transportselskap sletta

Total-Expressen As frå Sogndal er sletta i foretaksregisteret etter det vart slått konkurs i Sogn og Fjordane tingrett. 

Transportselskapet vart starta i 2014 under dagleg leiar Oddvin Uglum, med ein kapital på 400.000 kroner.  

Nyoppstarta frisørsalong tilsette ny dagleg leiar

Cut Point frisørsalong i Sogndal, som opna dørene i august, har tilsett Bülent Gabriel som dagleg leiar. 

Frisør David Rezo, som kjem frå Helsingborg i Sverige, skulle berre besøka ein kompis i saftbygda, i staden vart han buande og opna frisørsalongen. 

Aksjeselskapet var registrert i juni, og hadde ein startkapital på 30.000 kroner. 

Fotoselskap endra namn og føremål

Madrugada Media As frå Flåm, vart starta i 2009 under dagleg leiar Ragnvald Kyrre Wangen og hadde ein startkapital på 100.000 kroner.

Aksjeselskapet, som til no har drive verksemd innan fotografering, til komersiell og kunstnerisk bruk, endra i oktober namn, føremål og vedtektsdato.

Frå og med 13. september bytta selskapet vedtektsdato og namn til Mar Adentro As og driv investering innan aksjar og eigedom, samt konsulentverksemd innan handel, foto og marknadsføring.

Wangen held fram som styreleiar, og Håkon Solheim kom inn som styremedlem. 

Wangen gjekk òg inn som dagleg leiar og styreleiar i aksjeselskapet Steiwa As. 

Selskapet, som held til i Aurland, vart registrert i 2007 under dagleg leiar Steinar Beck Wangen, med ein kapital på 330.000 kroner. Selskapet eig aksjar og andelar i andre selskap, og driv investering og utviklingsarbeid i næringsverksemd.

Til toppen