FUSJONERER: Haugen Gardsmat AS vann NM-tittel for spekeskinka si i vår. No fusjonerer dei med anna bedrift. På biletet: Kristine og Odd Ohnstad og direktør i Matmerk, Nina Sundquist.
FUSJONERER: Haugen Gardsmat AS vann NM-tittel for spekeskinka si i vår. No fusjonerer dei med anna bedrift. På biletet: Kristine og Odd Ohnstad og direktør i Matmerk, Nina Sundquist. (Foto: John T.Pedersen)

Næringsloggen: Haugen Gardsmat fusjonerer, ny grovforprodusent i Lærdal

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet den siste veka.

Indre Sogn: Garnbutikk i Aurland er oppløyst, kjøt- og råvareprodusent fusjonerer og i Lærdal har det kome ein ny grovforprodusent. 

Kjelder: Brønnøysundregisteret, Proff.no. 

Eigedomsselskap endra styre

Fretland Eigedom AS er eit aksjeselskap som driv utleige av fast eigedom. Det vart stifta i 1996 og er basert i Lærdal. Selskapet har ein kapital på 243.000 kroner. 

Åsmund Avdem Fretland vart vald inn som nytt styremedlem i tillegg til eksisterande medlem Jostein Glorud Blaaflat, Jostein Avdem Fretland og varamedlem Ann Jorunn Avdem. 

Ny grovforprodusent i Lærdal

Horge Drift er eit enkeltpersonsforetak som vart registrert i Brønnøysundregisteret 8. september. Foretaket skal driva verksemd innan grovforproduksjon og sauehald, samt sal av jakt- og fiskekort. Innehavar er Øyvind Hauge Horge. 

Haugen Gardsmat fusjonerer

Haugen Gardsmat AS i Aurland, fusjonerer med Haugen Gardsmat Ekspress AS. Sistnemnde vart registrert i 2015 med ein kapital på 30.000 kroner og er no sletta i føretaksregisteret. 

Aksjeselskapet i Flåm var stifta i 2006 under dagleg leiar Odd Lothe Onstad med ein dåverande kapital på 100.000 kroner. Haugen Gardsmat driv verksemd innan slakting, foredling av kjøt- og andre matvarer, samt produksjon og tilhøyrande aktivitetar. Bedrifta har 25 ansette og ein kapital på 990.000 kroner, og hadde 11,5 millionar i omsetning i fjor.

Tidlegare i år vart spekeskinka deira meister i NM for kjøtbransjen

Garnbutikk i Aurland oppløyst

Lykkekroken AS var stifta i 2014 under dagleg leiar Anja Tokvam Sverdrup og hadde ein kapital på 50.000 kroner. Selskapet dreiv butikkhandel med garn, souvenirar og pynteting. 

Den 6. september var selskapet oppløyst etter kreditorvarsel, og tidlegare styreleiar Margunn Tokvam vart leiar for avviklingsstyret. 

Eigedomsselskap oppløyst 

Eigedomsselskapet Fossetunet 3 ANS i Sogndal vart stifta i 1999 og har drive verksemd innan utleige av eigedom. Selskapet melde førre veke oppløysing etter kreditorvarsel.

Investorselskap bytta styre og namn 

Sogndalbaserte Parkside AS vart stifta i 2017 under dagleg leiar Arne Johannes Ness. Aksjeselskapet hadde ein kapital på 30.000 kroner ved oppstart og driv verksemd innan investering og drift av anlegg og eigedom, samt handel og utvikling av næringsaktivitet. 

No har dei bytta namn til Lux Eigedom AS, samt bytta styre. Det nye styret består av styreleiar Mariska Solheim og medlem Iselin Lunde Solbakken, Nils Øyvind Solbakken og Nils Petter Solheim. Tidlegare styreleiar Arne Johannes Ness og Kjellfrid Ness utgår. 

Til toppen