BABYNISJE: Nettsida Toybleia.no blir driven frå Vik kommune, og har spesialisert seg på miljøvenlege varer til mor og barn.
BABYNISJE: Nettsida Toybleia.no blir driven frå Vik kommune, og har spesialisert seg på miljøvenlege varer til mor og barn. (Foto: Skjermdump/Toybleia.no)

NÆRINGSLOGGEN

Næringsloggen: Kortreiste tøybleier og ny nettbutikk i Årdal

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Sogn den siste veka.

Indre Sogn: I veka som gjekk har Indre Sogn fått ein ny nettbutikk, medan ein annan berre har skifta adresse. Den eine sel tøybleier og liknande babyrelaterte varer, medan den andre sel alt frå sandalar, til mini-droner, til oppblåsbare rosa flamingoar.

Sjekk alt som har skjedd i næringslivet her:

Kortreiste tøybleier skifter adresse

Siguråst Tøybleia i Vik har endra adresse, frå Fridtjovsvegen 61 til Framnesvegen 3 i Vik. Selskapet er drive av Hannah Siguråst, og gjennom nettsida toybleia.no sel ho diverse økologiske og miljøvenlege produkt til barn og mødrer, deriblant tøybleier.

Kortlevd byggjefirma

Selskapet Raspopovs Bygg frå Sogndal, som vart stifta i september i fjor, er meldt konkurs. Advokat Jan Arild Rømmen er styrar av konkursbuet, og eventuelle krav skal rettast til han innan 13. september.

Manglar styre, trua med tvangsoppløysing

Næringsloggen

  • Kvar veke oppsummerer me det siste som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn.
  • Her får du servert dei ferskaste oppdateringane om konkursar og nystarta verksemder, om endringar i styra, om daglege leiarar som går av og kjem til, og mykje anna.
  • Opplysingane er i hovudsak henta frå føretaksregisteret, som registrerer alle norske og utanlandske selskap i Noreg.
  • Informasjon om økonomien til selskapa hentar me hos Proff.no.

Gardavegen AS, med forretningsadresse c/o Fjordglas AS Steinabakkane i  Luster, har fått varsel om tvangsoppløysing. Årsaka er at dei ikkje har styre som fyller vilkåra i aksjelova. Fristen til å retta opp feilen er fire veker, viss ikkje kan tingretten oppløysa selskapet utan vidare varsel.

Nytt elvaeigarlag i Lærdal

Knut Opdal blir styreleiar for det nyoppretta Borgund elvaeigarlag. Føremålet er å driva med sal av fiskekort og passa på at fiskerettane som laget disponerer blir forvalta på best mogleg vis. Styremedlemmene er Øyvind Hauge Horge, Jan Geir Solheim, Stein Vidar Nemeth og Anders Valla. Solgun Haugen, Knut Horvath Maristuen og Roy Håkon Fjellstad er vara.

Ny nettbutikk i Årdal

Marketsom er eit nytt selskap i Årdal starta av Abukar Mohamed Abdulle. Føremålet er i driva ein nettbutikk som skal selja ulike varer som klede, sko, elektronisk utstyr og anna tilbehøyr.

Takkar farvel til revisor

Bilsenteret på Kaupanger har bestemt at dei ikkje vil revidera årsrekneskapen for neste år. Bilsenteret AS vart stifta i 1984, og er største aksjonær i Bil & Dekkservice, men sjølv har ikkje selskapet hatt salsinntekter sidan 1999. Tom Hjelmeseter er dagleg leiar for begge. I fjor hadde Bil & Dekkservice ei omsetning på 6,4 millionar kroner, mot 34,6 millionar året før.

Rørleggarar i Lærdal tek ned aksjekapitalen

Rørleggarfirmaet Grønsberg & Sønner i Lærdal vedtok i generalforsamlinga i april å setta ned aksjekapitalen frå 700.000 til 100.000. Pengane, 600.000, blir betalte tilbake til aksjeeigarane Kjell og Reidar Grønsberg. Selskapet vart stifta i 2003, og har 12 tilsette. I fjor var omsetninga på 11,7 millionar kroner, ned frå 14,6 millionar kroner året før.

Manglar revisor, trua med tvangsoppløysing

Selskapet RS Fjellboring i Sogndal er trua med tvangsoppløysing fordi dei manglar revisor. Fristen til å retta opp feilen er fire veker. RS Fjellboring vart starta i 2014 av Tommy Røysum og Steffen Stadheim. I kunngjeringa den gong vart det oppgitt at årsrekneskapen ikkje skulle reviderast. Føremålet til selskapet er å driva med boring og sprengingsarbeid. I 2017 hadde dei ei omsetning på 6,7 millionar kroner, ein formidabel auke frå frå 2 millionar året før. Overskot før skatt var på 817.000 kroner i 2017. Selskapet har tolv tilsette.

Til toppen