NYTT I SOGN: Marius Feen er ny dagleg leiar i skiprodusenten SGNskis frå Sogndal.
NYTT I SOGN: Marius Feen er ny dagleg leiar i skiprodusenten SGNskis frå Sogndal. (Foto: Bård Basberg)

Næringsloggen: Ny dagleg leiar hjå skiprodusent og restaurant konkurs på Hafslo

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Sogn den siste veka.

Indre Sogn: I veka som gjekk har det vore fleire styreutskiftingar i bedrifter i Sogn, samt nokre nye oppstartar.

Restaurantdrift på Hafslo konkurs

Quartetto ANS er konkurs. Selskapet som var stifta i 2012 har drive restaurant og catering, samt investering og drift av eigedom og andre finansobjekt. Dagleg leiar er Alena Zubrzycka.

Opnar for musikkproduksjon på Leikanger

Nyregistrerte Systrond Recordings AS er ein handel med musikkutstyr og produksjon av lyd og musikk. Føretaket driv òg musikkgruppa Slegest, som knyttar saman med konsertar, plateinnspelingar, plateutgivingar og andre artiklar. Styreleiar er tidlegare Vreid gitarist Håvard Ese Eliassen, og det er eit aksjeselskap med ein kapital på 30.000 kroner.

Taxisentral bytta dagleg leiar

Leikanger taxisentral ANS har gjennomgått eit skifte. Selskapet har ansett Glenn Kenneth Sælid som ny dagleg leiar, og Jarle Viken er nytt styremedlem. Taxisentralen har skifta forretningsadresse frå Riverdalen 1 til Øyrane 7. 

Næringsloggen

  • Kvar veke oppsummerer me det siste som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn.
  • Her får du servert dei ferskaste oppdateringane om konkursar og nystarta verksemder, om endringar i styra, om daglege leiarar som går av og kjem til, og mykje anna.
  • Opplysingane er i hovudsak henta frå føretaksregisteret, som registrerer alle norske og utanlandske selskap i Noreg.
  • Informasjon om økonomien til selskapa hentar me hos Proff.no.

Ny verksemd innan grunn- og anleggsarbeid

Kurt Ove Vikheim starta enkeltpersonsføretak i Sogndal. Verksemda skal driva grunn- og anleggsarbeid, samt utleige av driftsmidlar og aktivitetar som høyrer til. 

Lokal skiprodusent ansette ny dagleg leiar 

Marius Feen er hyra inn som ny dagleg leiar i Sogndal-baserte SGNskis. I førre veke sa Feen til Porten.no at han har jobba 20 år innanfor norsk sportsbransje, og har store planar for SGNskis vidare.

Mikrofinansfirma bytta styre

DATADRIVENFINANCE AS, basert i Lærdal, er ei bedrift som fokuserar på utvikling og levering av tenester innan mikrofinans og mikroforsikring til låginntektsgrupper. No har dei bytta styre. Asbjørn Erdal gjekk ut av styret, medan Marius Johansen vart med vidare. Nye medlem er Henni Ann Aasen, Thor Holm, Tore Birkeland og Tore Botnen.

Maristova Hotel bytta styre

Maristova Hotell- og fritidsbolig eierseksjonssameie i Lærdal bytta styre. Tidlegare styremedlem Dan Frode Helle og Robert Nøss sa opp rollene sine, og Lars Erling Ringdal er oppført som einaste styremedlem per no.

Til toppen