Indre Sogn: Kvar veke framover vil me oppdatera deg på dei siste endringane i næringslivet i Indre Sogn, om konkursar og nystarta verksemder, om endringar i styra, om daglege leiarar som går av og kjem til, og mykje anna.
Opplysingane er i hovudsak henta frå føretaksregisteret, som registrerer alle norske og utanlandske selskap i Noreg. Me konsentrerer oss om det som skjer i dei åtte kommunane i Indre Sogn:
Nytt tilbod på Hafslo
Kremkroken er ei nyregistrert bedrift på Hafslo i Luster starta av Kitja Opheim. Som me allereie har skrive, er føremålet å selja hudpleie- og velværebehandlingar, sminke, negledesign, hudpleieprodukt og liknande. Selskapet har ein aksjekapital på 30.000 kroner.
Kjøtprodusent legg inn årene
Selskapet Suvl i Lærdal er oppløyst. Det vart starta i 2012 med ein aksjekapital på 100.500 kroner og med mål om å vidareforedla og selja kjøtvarer. Selskapet har ikkje hatt inntekter sidan 2014.
To selskap sletta grunna dødsfall
Balestrand Bensin og Servicestasjon er sletta frå føretaksregisteret. Eigar Reidar Geithus gjekk vekk 7. mai i fjor. Lærdal gardsmat er sletta av same årsak. Eigar Knut Johan Skjær døydde i 2017.
Nitten år utan inntekter
Styret i Sognefjord Arrangement i Aurland har bestemt seg for å avvikla selskapet. Kristin Sønnerheim blir leiar for avviklingsstyret. Selskapet vart oppretta i 1992, men har ikkje hatt inntekter sidan 1999.
Namnebyte i Luster
Luster Landbruk skifter namn til Luster Landbruk og Taksering. Selskapet vart starta i Solvorn i 2013 av Svein Arve Ruud. Namneskiftet skjer samstundes som selskapet endrar føremålet frå å yta takseringstenester til landbruket, til òg å inkludera privatpersonar og firma. Inntektene har vakse frå 207.000 i 2014 til 403.000 kroner i 2017.
Nytt styre for blikkenslagarar
Årdal Blikkenslagerservice har gjort endringar i styret. John Normann Melheim tek over som styreleiar for Willy Jensen, som vert styremedlem saman med Dennis Bruflat Jensen. Ut av styret går Kenneth Jensen, Målfrid Karin Bruflat Jensen og Svein Magne Kolås. Same rokkeringa skjer i morselskapet Årdal Blikkenslagerservice Eigedom. Årdal Blikkenslagerservice hadde ei omsetning på 24,6 millionar i 2017, ei auke 5,7 millionar frå året før. Overskotet var på 1,4 millionar, opp frå 0,5 millionar i 2016. Willy Jensen er dagleg leiar.