NY TILSETT: Kristoffer Brekke (t.h) og Stig Morten Hardeland gjekk i august inn for eit samarbeid med Fitness & Fightclub i Sogndal. No er Brekke tilsett som ny dagleg leiar.
NY TILSETT: Kristoffer Brekke (t.h) og Stig Morten Hardeland gjekk i august inn for eit samarbeid med Fitness & Fightclub i Sogndal. No er Brekke tilsett som ny dagleg leiar. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Næringsloggen: Treningssenter tilsette ny dagleg leiar og pelsdyrverksemd vart sletta

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn denne veka.

Indre Sogn: Treningssenteret Fitness & Fightclub i Sogndal tilsette ny dagleg leiar, og pelsdyrverksemda Minkepus AS i Lærdal vart sletta. 

Kjelder: Proff.no og Brønnøysundsregistrene. 

Ny dagleg leiar i treningssenter

Treningssenteret Fitness & Fightclub i Sogndal, har tilsett Kristoffer Brekke som ny dagleg leiar. Han går inn for Stig Morten Hardeland som var med å starta selskapet i 2017 som styreleiar. 

Treningssenteret som i fjor opna opp i nye lokale overfor Sognahallen, tilbyr blant anna kampsporttrening under tidlegare eigar og verdsmeister i Muay Thai, Tiago Mendes, som framleis er trenar på senteret. 

I august i haust gjekk duoen inn for eit samarbeid då Brekke, leiar for Crossfit Sogndal, kjøpte seg inn i selskapet saman med Hardeland. 

Fritidsverksemd oppløyst

Fjellfanten AS melde førre veke oppløysing etter kreditorvarsel. Aksjeselskapet var registrert i 2016 under dagleg leiar Olav Kjell Moen, med ein kapital på 30.000 kroner.

Selskapet har drive verksemd innan hotell, guida turar, kursverksemd, landbruk og elektroinstallasjon i bygg. No er foretaket sletta.

Teknologisenter endra styre og kapital

Teknologisatsinga Sitep i Årdal har endra styre og kapital. Aksjeselskapet vart registrert i januar under dåverande dagleg leiar Terje Laberg, og hadde ein kapital på 30.000 kroner. Førre veke registrerte selskapet ein ny kapital på 800.000 kroner. 

Nytt styre består av leiar Ottar Henriksen, og medlem Steinar Talle, Terje Laberg, Kjetil Kvåle, Wenche Eldegard og Svein Terje Strandlie. Varamedlem er Jan Magne Teigen, Ernst Ståle Øvstetun og Tor Arne Litlere. 

Pelsdyrverksemd sletta

Selskapet Minkepus AS i Lærdal vart førre veke sletta i foretaksregisteret.

Verksemda vart registrert i 2014 under dagleg leiar Lene Marie Dale og hadde ein kapital på 30.000 kroner. Minkepus har drive sal av utstyr til pelsdyrverksemd og landbruk. 

El-konsulent flytta

Teknologikonsulent Ide Elektronikk H Nilsen flytta forretningsadressa frå Nesttun i Bergen til Vassbygdi i Aurland. Foretaket vart registrert i 1995 under innehavar Harald Nilsen. 

Byggeselskap endra revisor

Aksjeselskapet JT Bygg og Eigedom AS frå Leikanger har tilsett Revisorgruppen Fjordane AS. Selskapet vart registrert i 2014 under dagleg leiar Johannes Thue, med ein kapital på 30.000 kroner.

Byggselskapet driv verksemd innan sal og utvikling av bustadhus, rehabilitering av eigedom og hus, utleige av anleggsutstyr samt investering og sal og import av byggemateriell.

Til toppen