BYTTA STYRE: Jatak Kaupanger AS produserer og sel tak og tenester innan treverk. No har dei endra styre.
BYTTA STYRE: Jatak Kaupanger AS produserer og sel tak og tenester innan treverk. No har dei endra styre. (Foto: Arkiv)

Næringsloggen: Verkstad konkurs, takgigant bytta styre, og ny alt-mogleg-mann i Sogndal

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn den siste veka.

Indre Sogn: Verkstad slått konkurs, to nysatsingar i Aurland og ny alt-mogleg-mann i Sogndal.

Kjelder: Proff.no, Brønnøysundregistrene

Verkstad konkurs

Sogn Dekkservice AS vart førre veke slått konkurs. Konkursbuet opna i februar, og sidan selskapet ikkje hadde midlar til å halde fram drifta, er foretaket sletta.

Selskapet dreiv verksemd innan sal av dekk og bilrekvisita samt verkstad- og terminaldrift. 

Aksjeselskapet vart registrert 2014 under dagleg leiar Jan Turlid, og var basert i Aurland før dei flytta til Håbakken i Lærdal. I 2015 selde Turlid seg ut frå selskapet og i 2016 ansette vart Per Gunnstein Gullaksen tilsett som ny dagleg leiar. 

Maling- og handverksfirma oppløyst

Frank Flatland AS i Lærdal vart førre veke oppløyst etter kreditorvarsel. Selskapet har drive verksemd innan maling og handverk sidan oppstart i 2014. 

Dagleg leiar er Frank Flatland, og ved oppstart hadde aksjeselskapet ein kapital på 30.000 kroner. 

Selskap oppløyst i Årdal

Neergaard Norge AS i Øvre Årdal er oppløyst etter kreditorvarsel. Selskapet har drive sal av produkt og tenester knytta til hestebransjen, til dømes sal av ridehallar, stall og bilar til transport av hest.

Aksjeselskapet vart registrert i 2007 under dagleg leiar Ole Johan Andersen Møller og hadde ein startkapital på 100.000 kroner.

Finansselskap flyttar

HD Holding AS flyttar frå Fosshaugen 20 til Ulvahaugen 12. 

Aksjeselskapet vart starta i 2005 i Sogndal under dagleg leiar Dagfinn Drægni, med ein startkapital på 100.000 kroner. 

Takprodusent bytta styre

Jatak Kaupanger AS har drive verksemd innan handel og konsulenttenester innan utvikling, produksjon og sal av takkonstruksjonar og anna trevare. 

Aksjeselskapet vart registrert i 2007 under dagleg leiar Odd Tufte med namnet Jatak Kaupanger Drift AS, og hadde ein startkapital på 100.000 kroner.

Ved oppstart i 2007 bestod styret av leiar Johnny Tverberg og medlem Odd Tufte og Jan Tandle. I 2013 vart Bjørn Roar Gjerde vald til styreleiar, og Odd Tufte, Sigrun Rygg og Johnny Tverberg var styremedlem. 

Førre veke gjekk Torgils Bryn inn i rolla som styreleiar, medan Tufte og Tverberg vart ståande som medlem. 

Transportfirma bytta styre 

Kollsete Thermotransport AS bytta styre. Aksjeselskapet vart starta i 2012 med ein kapital på 30.000 kroner, og har drive transport av varer i innland og utland.

Jarle Kollsete styreleiar, medlem Karstein Kollsete, Linda Kollsete og varamedlem Knut Lerum. 

Alt-mogleg-mann i Sogndal

I Sogndal starta Petter Solvang enkeltmannsforetaket Din lokale alt-mulig-mann. Ved oppstart i juni såg han føre seg å jobba med vedlikehalds- og vaktmeistertenester, samt sal av is og fisk. 

No har foretaket endra føremål og vil driva verksemd innan handverkstenester, vaktmeistertenester. Undervisningstenester, snømåking, køyring av flyttelass, salg av frossenfisk frå bil, samt sal av is og dagligvare frå bil. 

Ny campingplass i Sogndal

Førre veke vart Uteplassen Sogndal AS oppretta. 

Aksjeselskapet har ein kapital på 30.000 kroner og skal drive verksemd av campingplass, utleige av feriehus og guida turar samt kjøp og sal av aksjar. 

Dagleg leiar er Melanie Hetkamp-Andersen, og styret består av leiar Jarle Selseng og Hetkamp-Andersen som medlem. 

Nysatsingar i Aurland

Loven Gård vart registrert i Brønnøysundregisteret førre veke.

Det er eit enkeltpersonsforetak som skal driva verksemd innan områda kjøtproduksjon av storfe, dyrking av gras, og elles landbruksrelaterte oppgåver som pløying, harving, steinplukking og gjødsling. 

Dagleg leiar er Remi André Volldal Loven og foretaket held til i Aurland. 

Tor Olav Kvam er eit nytt enkeltmannsforetak som òg vart registrert førre veke. Innehavar Kvam skal driva verksemd innan arbeid og utleige, samt avløysing og køyring av maskinar og utstyr til landbruk.

Til toppen