NY DAGLEG LEIAR: Leon Bakkebø vert den første daglege leiaren i det nyskipa næringsrådet i fylket. Foto: pressefoto.
NY DAGLEG LEIAR: Leon Bakkebø vert den første daglege leiaren i det nyskipa næringsrådet i fylket. Foto: pressefoto.

Næringsrådet i fylket har fått sin første sjef

Leon Bakkebø frå Dale får i oppgåve å inspirere bedriftene i fylket til meir samarbeid og kunnskapsdeling. 

– Eg har eit brennande engasjement for heimfylket mitt og håpar at eg kan bruke erfaringa mi til å fremje vekst og utvikling i Sogn og Fjordane, seier Bakkebø, som tek til i stillinga 18. april.

Leon Bakkebø er frå Dale, men har budd mange år i Stryn og er i dag busett på Sandane. Han er utdanna siviløkonom og har hatt leiande roller i norske og utanlandske selskap. Mellom anna har han vore engasjert i industrien, handelsbransjen, maritim sektor, gründerselskap og i bank og finans.

Les også: – Ein merkedag for næringslivet i fylket

Sogn og Fjordane næringsråd vart stifta i november i fjor etter initiativ frå Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane. Rådet har invitert alle bedriftene i fylket til å bli medlem for å fremje næringsinteressene og hente inspirasjon frå kvarandre.

GLAD STYRELEIAR: Yngve Hallen, styreleiar i næringsrådet i fylket, er nøgd med å ha fått på plass ein dagleg leiar.
GLAD STYRELEIAR: Yngve Hallen, styreleiar i næringsrådet i fylket, er nøgd med å ha fått på plass ein dagleg leiar.

– I eit fylke med store avstandar og mange små miljø er det trong for ein slik samlande organisasjon som løfter fram behov, idear og kunnskap. Håpet mitt er at Sogn og Fjordane Næringsråd skal kompensere for manglande klyngemiljø i fylket, seier den nyvalde daglege leiaren.

Styreleiar Yngve Hallèn er svært nøgde med at Leon Bakkebø takka ja til stillinga.

– Han er erfaren og kjenner næringslivet godt. Med hans glød og entusiasme er eg sikker på at vi har fått ein leiar som både vil inspirere bedriftene og vere ei klar røyst frå næringslivet i kommunikasjonen med andre samfunnsaktørar, seier han.

Til toppen