FORSTÅR IKKJE: Årdal Næringssamskipnad seier dei ikkje forstår problema Knut Arne Klingenberg (H) snakkar om då han sa at det var problem mellom Årdal Utvikling, Årdal Næringssamskipnad og lokale selskap. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FORSTÅR IKKJE: Årdal Næringssamskipnad seier dei ikkje forstår problema Knut Arne Klingenberg (H) snakkar om då han sa at det var problem mellom Årdal Utvikling, Årdal Næringssamskipnad og lokale selskap. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Næringssamskipnaden: – Kjenner oss ikkje att i uttalen

Knut Arne Klingenberg (H) ønskjer å omstrukturere næringsutviklingsarbeidet til Årdal kommune og viser til mangel på samhandling mellom Årdal Utvikling, Årdal Næringssamskipnad og lokale selskap.

Årdal: Torsdag svarar Årdal Næringssamskipnad (ÅN) at dei stiller seg uforståelege til det Høgre-politikaren sa i møtet i finansutvalet tysdag.

– Styra i Årdal Utvikling og Årdal Næringssamskipnad kjenner ikkje til kva problem som har vore mellom dei. Det er merkeleg at dette ikkje har vore tema i styra til Årdal Utvikling og ÅN, når problema har vore så store at dei har gått i strupen på kvarandre, skriv Næringssamskipnaden i ein uttale som er sendt til Porten.no.

Problem

Det var onsdag Porten.no skreiv at Klingenberg ønskjer ei omstrukturering av Årdal Utvikling.

OMSTRUKTURERE: Knut Arne Klingenberg (H) etterlyser ei omstrukturering av næringsutviklinga i Årdal.
OMSTRUKTURERE: Knut Arne Klingenberg (H) etterlyser ei omstrukturering av næringsutviklinga i Årdal.

Årdal Utvikling er i dag organisert som ei stifting, noko som har vore eit tema i det offentlege lyset. Klingenberg seier han ikkje berre er oppteken av at Årdal Utvikling er ei stifting, men ønskjer også å få med private aktørar.

– Dette har me sett i det offentlege lyset. Det har vore problem mellom Årdal Utvikling og Næringssamskipnaden og lokale selskap, der dei går i strupen på kvarandre. Det viser lite samhandling og kommunikasjon, sa han til Porten.no etter møtet tysdag, og som er referert i onsdagens sak.

– Ikkje dårleg samvit

Når Porten.no kontaktar Høgre-politikaren torsdag viser han igjen til at dette var eit tema i media for ei stund tilbake.  

– Men eg har ikkje dårleg samvit for å ha sagt dette. Dette vart debattert i det offentlege lys. Det var ein kjempedebatt rundt Årdal Utvikling, og at det ikkje var gode tilhøve mot enkeltaktørar, seier han og understrekar at hovudårsaka til at han tek opp dette er for å organisere dette på ein annan måte. 

Forstår ikkje

Næringssamskipnaden forstår ikkje kva han meiner med lite samhandling og kommunikasjon og peikar på fleire ting som viser døme på det motsette.

– På sist styremøte orienterte Årdal Utvikling om arbeidsprosessen med strategisk næringsplan og inviterte våre medlemar til å vera med i arbeidet og koma med innspel. ÅN har gitt innspel til fleire ulike kommunale planar som er av interesse for næringslivet i Årdal. 

– Årdal Utvikling og Næringssamskipnaden har samarbeidd om ulike aktivitetar og informasjonsmøte, seinast i slutten av oktober. Det er styremedlem i begge styra som ikkje er politikarar. Styret i Årdal Utvikling vert valt av kommunestyret, og i Næringssamskipnaden er det medlemar som vel styret.

Handlingsprogram

Avslutningsvis i uttalen skriv ÅN at dei er positive til at politikarane ser på organiseringa av tiltaksarbeidet og ikkje minst at dei har gode tankar om næringsutviklingsarbeidet.

– Dette må dei få med i strategisk næringsplan for 2016-2019 og i det årlege handlingsprogrammet. Kommunestyret vedtek desse planane. Det er desse planane som er styrande for bruk av ressursane til utviklingsarbeidet.

Til toppen