RÅDMANN: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal.
RÅDMANN: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal. (Foto: Arkiv)

Næringssamskipnaden kritisk til at kommunen signerte avtale med reklamebedrift utanfor fylket

Kjell Nesse, leiar i Årdal Næringssamskipnad meiner rådmannen burde ha forhøyrt seg med det lokale næringslivet før han signerte avtala.

Årdal: Bedriftsleiarar i Årdal reagerer på ein avtale kommunen har signert med JS Norge AS, eit selskap som mellom anna sel interaktive brosjyrer. 

Etter avtala vil brosjyra vera gratis for kommunen mot at lokale bedrifter skal stå for kostnadene i form av annonser og reklame. 

Kjell Nesse, leiar i Årdal Næringssamskipnad, sendte mail til alle medlemma:

"Fleire bedrifte i Årdal blir no kontakta av JS Norge AS, i forbindelse med brosjyren dei skal utarbeide for Årdal Kommune.

Årdal Næringssamskipnad kjenner ikkje til innhaldet i avtala mellom Årdal Kommune og JS Norge AS, men syns dette burde blitt utført av lokale bedrifter og kopla opp mot Årdal Utvikling sitt arbeid."

– Eg meiner at det er naturleg at Årdal kommune i alle fall bør sjekka litt med lokale bedrifter før dei inngår slike avtalar. Det trur eg at alle dei lokale bedriftene gjer, dei sjekkar først om det går an å få tenestene lokalt før dei eventuelt går ut, seier Nesse. 

Nesse: – Ikkje naudsynt å hente inn aktørar utanfrå regionen 

Nesse trur kommunen har gjort dette i ei god meining, men at dei kanskje ikkje har tenkt seg om.

ÅN: Kjell Nesse i Årdal Næringssamskipnad. Foto: Arkiv

– Det strøymer jo på med tilbod om mykje, og når ein får tilbod om gratis annonsering, er det ikkje alltid at ein tenkjer gjennom det.

– Det er det eg tenkjer som kanskje skjer ofte når det gjeld kommunen. Me veit at det er fleire kommunar som tar seg bruk av slike tilbod. 

Han meiner òg at det ligg til rette for lokale bedrifter i Årdal som tilbyr marknadsføring og profilering, og at det ikkje er naudsynt å henta inn ein aktør utanfrå regionen.

– Nei det treng ikkje me, og det ligg allereie veldig mykje bakgrunnsmateriell som ein kan bruka. Dette sit jo Årdal Utvikling og har ganske god kontroll på. Dei veit kven som har kva og kven som kan hjelpa til.

Rådmann: – Einig med Nesse

Olve Fossedal, rådmann i Årdal kommune, stod for avtala med JS Norge.

– Eg må berre sei meg einig i kommentarane til Kjell Nesse. Dette er gjort i aller beste meining.

Han legg til at han likevel burde ha sjekka med lokale aktørar.  

– Motivet var å oppdatere marknadsføringa av Årdal som kommune, som ein del av satsinga som turistkommune, og for å få fram både kommunale tilbod, lokale bedrifter og reiselivsverksemder sin aktivitet, og dei fordelane me har av den flotte naturen vår. 

Han seier at avtala fell saman dersom ingen ønskjer å annonsere. 

– Dersom ingen verksemder ønskjer å annonsere, fell grunnlaget for prosjektet bort, og ingen har betalt ei krone. 

– Skulle det etter dette bli aktuelt med ein tilsvarande brosjyre, gjerne med lokal leverandør, vil rådmannen drøfte opplegget med næringssamskipnaden for å få til eit produkt det kan vere brei semje om, seier Fossedal.

Laberg: – Utdatert måte å reklamere på

Terje Laberg i Årdal Utvikling seier at mailen frå Årdal Næringssamskipnad har mange gode poeng. 

– Generelt synast me at det er ulendt å ha dessa katalogselskapa gåande, der vi skal berre hiva inn annonser på forskjellige område for at me skal få betalt for noko anna. Det er berre kostnader, det har inga verdi for bedriftene, seier han. 

Han meiner det ikkje er naudsynt å hyre inn ei bedrift utanfrå.

– Eg saknar kanskje litt at kommunen og næringslivet kan retta seg meir bevisst mot andre målgrupper, til dømes studentar og avgangsstudentar, slik at me kan møta på Heimatt-arrangement og styre kommunikasjonen meir målretta mot grupper som er interessante for oss.

Det meiner ikkje Laberg blir gjort her.

– Dette er noko som berre kjem ut heilt tilfeldig, og så er det kommunale tenester som blir profilert, ikkje noko anna.

Laberg tykkjer denne måten å driva profilering på er gamaldags og utdatert.

– Det er ein av utfordringane. Det er ikkje slik me driv kommunikasjon og profilering i dag. 

Synspunkta frå Laberg har rådmannen ingen kommentar til. Porten.no har nådd ut til JS Norge AS, men dei har ikkje kommentert saka.

Til toppen