Foto: Ole Ramshus Sælthun.
meiningar
Foto: Ole Ramshus Sælthun.
meiningar

Næringsselskap, kostbar kakepynt eller reell pådrivar for utvikling?

KRONIKK: Kommunale eller interkommunale næringsselskap oppstår fordi kommunen og næringslivet oppfattar at der er arbeidsoppgåver ingen av dei naturleg tek seg av. 

Kommunen fordi dei må konsentrere seg om kjerneoppgåvene: skule, oppvekst, pleie og omsorg, tekniske tenester. Næringslivet ser behovet mykje av same grunn: Dei må konsentrere seg om produksjonen sin, dei verdiskapande aktivitetane. Det er rimeleg at alle «hjelparane» inn i mellom blir granska med kritisk blikk.

Jørg Arthur Kvam skriv om fortida til Høyanger Næringsutvikling (HNU)  i Firda 20. mai. Eg skal halde meg unna ein diskusjon om HNU spesielt, men Kvam reiser nokre spørsmål som fortener ei nærare drøfting.

Kvam definerer næringsstøtte som selskapets primæroppgåve. Det kan vere at han har rett i det, men samstundes definerer han alt anna selskapet måtte drive med som «administrasjon». Dette er ein talemåte som er med og forstyrrar biletet. Administrasjon er det som går med til å halde eit selskap gåande: Ein del av arbeidsdagen til dagleg leiar, rekneskapstenester, styrekostnader etc. Dersom vi vel å halde oss til det, er desse kostnadane faste, og nokså greie å halde orden på. Prosentvis vil dei variere med inntektene til selskapet. I industrien heitte det seg som regel at «dei oppe i administrasjonen» meinte eller sa sånn eller slik. «Dei der oppe» var også ordrehandsamarar, salsrepresentantar, designarar, produksjonsplanleggarar. Alle med høgst verdiskapande aktivitet.

Å definere næringsstøtte som einaste verkemiddel, viser manglande forståing for at der er trong for tilretteleggande tiltak av ulike slag. Det kan vere kompetansehevande tiltak på ulike område, ofte er det prosjekt som i ein tidleg fase er umogleg å finansiere for andre enn til dømes næringsselskap. Sjølv om omdømmebygging blir harselert med av mange, er det også tiltak som er naudsynt for bedriftene og deira evne til rekruttering. Mange av desse tiltaka er initierte av næringslivet sjølv, og ein stor del av dei er det vanskeleg å identifisere konkrete effektar av. 

Det er verdas vanskelegaste oppgåve, men det er på høg tid at vi etablerer gode system for å kunne synleggjere effektar av den offentlege og halvoffentlege innsatsen mot næringsutvikling. Det kan godt hende at effektane er like gode av gjennomtenkte fellestiltak som av direkte næringsstøtte. Mi erfaring med næringsselskapa er at det er motiverte, hardt arbeidande folk du møter. Spørsmålet er om styra og leiarane maktar å arbeide med dei rette sakene til ei kvar tid. Som marknadsførarar tøysa vi ofte med at «halvparten av reklamekronene er bortkasta, hadde eg berre visst kva for ein halvpart!» La oss leite etter den gode halvparten, og sikre oss at vi har gode, produktive lokalsamfunn også inn i framtida.

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Til toppen