NY JOBB: Arve Tokvam sluttar som dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling og blir investorkontakt hos vekstlokomotivet Flåm AS. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NY JOBB: Arve Tokvam sluttar som dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling og blir investorkontakt hos vekstlokomotivet Flåm AS. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Arkiv)

Næringssjefen i Lærdal bytar beite – får nøkkelrolle i reiselivet i Flåm

Reiselivet i Flåm styrkar leiargruppa, hentar næringssjefar frå Lærdal og Voss.

Aurland: Aurland Ressursutvikling og Flåm AS har tilsett Arve Tokvam som investorkontakt og Frode Rokne som finansanalytikar og forretningsutviklar.

Tokvam kjem frå stillinga som dagleg leiar i Lærdal næringsutvikling, medan Rokne kjem frå stillinga som dagleg leiar av Næringshagen på Voss.

– Begge har solid tilknyting til regionen og lang røynsle frå næringsliv, skriv Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling og dagleg leiar i Flåm AS i ei pressemelding. 

Rask vekst

Jobben Tokvam får som investorkontakt går mellom anna ut på å samarbeida med partnerar, pleia kontakten med styresmakter og samfunnet, driva med forretningsutvikling og finna nye investeringar lokalt. Han tek til i jobben i oktober.

Rokne vil jobba med finans, investeringsanalyse og forretningsutvikling. Han har seks månaders oppseiing i den noverande jobben, men byrjar gjerne før viss det er mogleg, går det fram av pressemeldinga.

Aurland Ressursutvikling-konsernet vaks med 24 prosent i 2017, og fekk en omsetnad på 211,8 millionar kroner.

– Med rask vekst og ein ambisiøs strategi er me glade for å kunna ynskja Arve og Frode velkomne til oss. Dei vil både styrka kompetansen vår og evna til å gjennomføra det me set oss føre, seier Hjelleflat i pressemeldinga.

Til toppen