NY JOBB I VENTE:  Arve Tokvam hadde fredag sin siste dag som dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling.
NY JOBB I VENTE: Arve Tokvam hadde fredag sin siste dag som dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling. (Foto: Arkiv)

Næringssjefen i Lærdal hadde fredag sin siste arbeidsdag: – Vemodig

Arve Tokvam har jobba i Lærdal Næringsutvikling sidan 1.oktober i 2013. No, akkurat fem år seinare, tek eventyret slutt til fordel for eit nytt eit i Aurland.

Lærdal: – Det er alltid vemodig å slutta i ein jobb, særleg det å skiljast frå kollegaer som ein har hatt eit tett og godt forhold til over tid. I ei lita verksemd som vår, med tre tilsette, så blir me nesten som ein familie, seier Tokvam. 

Tokvam hadde ikkje planar om å slutte, heilt til det i vår dukka opp eit jobbtilbod i Flåm AS som han ikkje kunne takka nei til.

Han fortel at han har stortrivast både i jobben og i bygda, og legg vekt på at han set stor pris på nettverka han har knytta.

– Det å bryta opp gode og tette relasjonar er heilt klart det som er mest vemodig ved å slutta.

Vert sett stas på 

Fredag var den siste arbeidsdagen hans før han 1.oktober går inn i jobben i leiargruppa i Flåm AS for å arbeida med blant anna Investor Relations. 

Ifølgje Tokvam var dagen ganske vanleg, der han fokuserte på å få gjort alt han skulle før han slutta.

Onsdag hadde dei markering med kake. Litt ekstra stas var det likevel, då ordførar Jan Geir Solheim kom på besøk.

Saka held fram under biletet. 

FEKK BLOMAR OG SKRYT: Førre veke var Tokvam med på sitt siste kommunestyremøte i Lærdal. Ordførar Jan Geir Solheim nytta sjansen til å seia nokre gode ord. Foto: Sunniva Knutsen

– Eg har hatt veldig hyggjeleg besøk av ordføraren som var innom med gåve og fine takkeord, av både munnleg og skriftleg art. Det sette eg stor pris på, seier han.

Han tok også ein litt annan vri og delte ut gåver til dei tilsette.

– Eg har delt ut litt gåver og sendt ut takkeord sjølv, både internt i LNU og saman med dei me deler kontorfellesskap med. Elles er jo siste dag på ein arbeidsplass tid for å reflektera litt over det ein har vore med på, seier han.

– Ein utfordrande jobb

Tokvam seier at jobben som næringssjef har vore ein utfordrande jobb, og peikar på omstillingsarbeidet med å snu ei negativ utvikling i arbeidsplassar og folketal. 

Likevel vil han trekkja fram to prosjekt frå tida i LNU, og det er jobben med Gamle Lærdalsøyri og Lærdal Grønt. 

– Gamle Lærdalsøyri var nesten ein gløymd stad for mange for to-tre år sidan, ein stad der berre spesielt interesserte gjekk. No er det aktivitet i nesten alle dei bygga som var tomme, seier han. 

Lærdal Grønt synast han har vore veldig spanande å følgja med på. 

–Her er det framleis utfordringar før ein er i mål. Satsinga til Lærdal Grønt på Håbakken vil vera viktig for heile Sogneregionen, dei er ein stor suksesshistorie som viser kva som er råd å få til når ein baserer seg på samarbeid, vilje til utvikling, klare strategiar og tydelege mål.     

Tilsett: – Ein heilt super leiar

Ole Ramshus Sælthun jobbar som arrangementskoordinator i selskapet. Han fortel at Tokvam har vore ein god sjef, og ønskjer han lukke til. 

– Han har vore ein heilt super leiar. Både Tone Boska (prosjektleiar) og eg, tykkjer han har vore både svært raus og at han har hatt stor tillit til oss tilsette. Han er veldig behageleg å jobba under, og når ein får så stor tillit så blir ein oppteken av å gjera ein god jobb.

EIN GOD SJEF: Ole Ramshus Sælthun, arrangementskoordinator i LNU, og skryt av Tokvam og fortel han har vore ein svært god sjef. Bilde: Lærdal Næringsutvikling

– Kan du dela ei historie om Arve? 

Ramshus Sælthun tenkjer seg godt om før han kjem i hug ei, som ifølgje han sjølv beskriv sjefen godt. 

Han leser veldig mykje bøker og forskjellige typar litteratur, og han har ofte veldig mange bøker gåande på ei og same tid.

Ein gong me var på jobbreise kjøpte seg ei ny bok, Verdas beste bygd, hugsar eg den heitte, og var av ein finsk forfattar.

På dette tidspunktet hadde han åtte eller ni andre bøker han leste på same tid. Og då sa eg: « den dagen du klarar å avslutta alle saman skal du få koma på middag hjå meg. Tone også.» 

Då me sat på flyet opna han den nye boka, og var kome nokre avsnitt ned på første sida då han lo noko valdsamt. Då tenkte eg at denne boka måtte han då bli fort ferdig med.

Når han no skal slutte spurte eg om han var ferdig med alle bøkene, slik at me kunne ta denne middagen.

Då svarte han at han var ferdig med åtte av ni. Den finske boka stod igjen. Den hadde vist seg å vera kjempekjedsam etter den første sida.

Det har framleis ikkje blitt noko av den middagen, men no me har ei avtale om at han skal bli ferdig i løpet av oktober så me kan ta middagen før nyttår, ler han.

Til toppen