Rådmann i Høyanger, Kjellaug Ekse Brekkhus
Rådmann i Høyanger, Kjellaug Ekse Brekkhus (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Nærkontakt testa negativt. Barnehage opnar som normalt

Det melder Høyanger kommune måndag kveld.

Høyanger: Nærkontakten som har utvikla symptom etter nærkontakt med koronasmitta testa negativ. 

Det opplyser rådmann Kjellaug Brekkhus i ein e-post Porten.no har fått vidaresendt av ordførar Petter Sortland måndag kveld. 

Brekkhus skriv vidare at Hjetland barnehage dermed opnar som normalt tysdag. 

Stengde barnehage

 – Det blir ikkje naudsynt med smittesporing i kveld, skriv Brekkhus. 

Personen som testa negativt hadde ein nærkontakt som var tilsett i barnehagen. Difor stengde kommunen barnehagen for å vere føre var månadag føremiddag. 

50 ungar vart sendt heim som følgje av stenginga. 

Til toppen