BRANNTOMTA: Måndag kveld tok det til å brenne i ein omsorgsbustad i Øvre Årdal. Kring 30 minutt seinare var brannen sløkt. Foto: Ina Eirin Eliassen
BRANNTOMTA: Måndag kveld tok det til å brenne i ein omsorgsbustad i Øvre Årdal. Kring 30 minutt seinare var brannen sløkt. Foto: Ina Eirin Eliassen

Nærleik og god jobb frå starten var avgjerande

– Her har folk gjort ein fantastisk god jobb frå starten, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen. 

AVGJERANDE: Lensmann i Årdal Magne Knudsen seier folk har gjort ein fantastisk jobb frå det tok til å brenne. Arkiv
AVGJERANDE: Lensmann i Årdal Magne Knudsen seier folk har gjort ein fantastisk jobb frå det tok til å brenne. Arkiv

Frå alarmen gjekk om brannen i ei bueining i eit kommunalt omsorgsbygg i Øvre Årdal måndag kveld, tok det ikkje meir seks minutt før alle beburarane var evakuert frå det brennande bygget, opplyser Knudsen. 

Rask responstid

  • Sogn og Fjordane operasjonssentral i Florø slo full alarm om brannen måndag kveld klokka 22.28. 
  • Første kommandobil var på staden klokka 22.33. 
  • Klokka 22.34 fekk politiet bekrefta at alle beburarar var evakuert ut av det brennande bygget. 

I praksis to brannstasjonar

Brannsjef Gaute Johnsgaard fortel at Hydroberedskapen, som fungerar som eit kommunalt brannvesen, var tidleg på plass då det tok til å brenne. Ordninga med Hydroberedskapen er ein del av eit større industrivern og har kommunal sløkkeplikt.

– På bakgrunn av ordninga har me store ressursar både når det gjeld talet på mannskap og utstyr, slik at det vart det ein kjapp og effektiv innsats under brannen, fortel Johnsgaard.

– Viktig med nærleik

Ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid (Ap) ser nærleik til naudetatane som veldig viktige. 

NØGD MED SAMARBEID: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid. 
NØGD MED SAMARBEID: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid. 

– Både lensmannskontor og lensmann er viktig å få behalda her i Årdal. Blir det sentralisert og flytt mistar me det førebyggande arbeidet inn mot skule og unge i tillegg til eit nært og tett samarbeid om beredskapen i bygda. Lensmannsfunksjonen er noko me vil slåst for, seier Lægreid. 

Han seier også at et tette samarbeidet mellom beredskapentroppen i Hydro og brannstasjonen er viktig, då ein får meir utstyr og mannskap når ein samordnar seg slik som måndag kveld. 

– Me har inngått ein ny langsiktig avtale med Hydro om brannberedskapen, då me er særs nøgd med samarbeidet, seier han. 

Til toppen