ARGUMENT: Aleksander Mo (f.v.,Sp), Per Åke Evjestad (Venstre) og Anders Voll Eltun hadde ulike argument, men alle for å oppretthalda skulen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ARGUMENT: Aleksander Mo (f.v.,Sp), Per Åke Evjestad (Venstre) og Anders Voll Eltun hadde ulike argument, men alle for å oppretthalda skulen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Nærleik til skule blir avgjerande når unge skal etablera seg

To fedrar og ein nært føreståande far kom med kvar sine argument til kvifor Ljøsne skule ikkje bør leggjast ned då FAU inviterte politikarane til møte måndag kveld.

Lærdal: – Me veit at Lærdal kommune har store utfordringar med økonomien, men meiner kommunen vil kunne spara seg til fant i denne saka, innleia FAU-leiar ved Ljøsne skule, Hans W. Tønjum.

Han og resten av FAU (Foreldrerådets Arbeidsutval) hadde måndag kveld invitert politikarar med tilknyting til Ljøsne skulekrins for å diskutera ei mogleg nedlegging av skulen. Komande torsdag skal lagnaden for Ljøsne skule avgjerast i kommunestyret.

– At me i dag har invitert politikarane med tilknyting til krinsen, og ikkje alle, kan sikkert diskuterast kor vidt er rett, men det har noko med tidsfristen å gjera, sa Tønjum, som sendte ut invitasjon til møtet i slutten av førre veke.

Kommunestyrerepresentantar eller vararepresentantar frå alle parti var inviterte. Åtte politikarar møtte; fire frå Senterpartiet, tre frå Venstre og ein frå SV. Dei to faste representantane frå Ap som var inviterte men ikkje møtte hadde grunngjeve dette med at dei hadde partimøte samstundes, forklarde Tønjum. Vidare at vararepresentanten frå Høgre som var invitert, ikkje hadde høve til å møta.

Artikkelen held fram under biletet

SPØRSMÅL: FAU ved mellom andre leiar Hans W. Tønjum og Bjørg Haugo hadde mange spørsmål til politikarane i møtet måndag kveld.
SPØRSMÅL: FAU ved mellom andre leiar Hans W. Tønjum og Bjørg Haugo hadde mange spørsmål til politikarane i møtet måndag kveld.

– Ljøsne det største potensiale for å få mange småbarnsfamiliar framover.

FAU hadde mange spørsmål til politikarane som var til stades. Spørsmåla gjekk hovudsakleg på kva politikarane vil med Ljøsne, om det er gjort utgreiingar rundt kva konsekvensar det vil få for elevane viss skulen blir lagt ned og om det faktisk er slik at ein vil spara 4,8 millionar kroner på å leggja ned Ljøsne skule.

Fleire av politikarane snakka varmt for å oppretthalda skulen, med ulik argumentasjon. Aleksander Mo (Sp, vara til kommunestyret) meinte det var bakvendt å leggja ned skulen på Ljøsne fordi mykje ligg til rette for at mange småbarnsfamiliar kan etablera seg i grenda:

– Me står overfor eit generasjonsskifte i landbruket, og det slår først og fremst ut her på Ljøsne. Det kan vera snakk om femten-tjue gardar der neste generasjon kan koma til å ta over dei næraste åra. Unge folk, altså - og dei færraste vil vel ta over og leva som einstøingar på gardane. Såleis har Ljøsne det største potensiale for å få mange småbarnsfamiliar framover.

Sjølv blir han far om ein månads tid og ønskjer etter kvart å ta over heimgarden på Mo.

– Det er eit forferdeleg stort val å skulle ta over ein gard. Mange argument for og mot. Nærleik til skule kan vera argumentet som vippar valet eine eller andre vegen. Lærdal har eit innovativt landbruk som bygda er stolte av. Har me ikkje landbruket, er det ikkje mykje att.

– Får me ikkje tunnelen blir meir eller mindre halve dalen rasert

Ein som har teke over garden og er far, Anders Voll Eltun (fast kommunestyrerepresentant for Sp) innrømte han hadde vurdert mykje att og fram i nedleggingsspørsmålet.

– Eg har tenkt mest rundt den økonomiske stoda kommunen er i. Og eg ser at det innimellom blir nokre veldig små kull ved Ljøsne skule. Men å risikera at me med ei skulenedlegging mistar tunnelen forbi Ljøsne er eg ikkje med på - får me ikkje tunnelen blir meir eller mindre halve dalen rasert.

Ein annan far frå Ljøsne som er vara til kommunestyret for Venstre, Per Åke Evjestad, har økonombakgrunn og la an eit makroøkonomisk perspektiv.

– Viss folk har dårleg tru på framtida for ein plass, vil dei ikkje satsa her. Dei vil ikkje byggja på huset. Pengane snikkaren ville ha fått dersom dei bygde på huset, ville han stort sett ha brukt i nærmiljøet. Oppslag om dårlege utsikter i Sogn Avis eller på Porten har slike effektar. Det blir ein sjølvforsterkande profeti.

Artikkelen held fram under biletet

VIL OPPRETTHALDA: Per Åke Evjestad (Venstre), Annike Vanberg (SV) og Jan Geir Solheim (Sp) argumenterte alle for å oppretthalda Ljøsne skule.
VIL OPPRETTHALDA: Per Åke Evjestad (Venstre), Annike Vanberg (SV) og Jan Geir Solheim (Sp) argumenterte alle for å oppretthalda Ljøsne skule.

Ljøsne ein "soveby"?

Evjestad var også inne på dei positive ringverknadane ein skule gjev.

– Me har ein gymsal der folk i alle aldrar frå heile bygda kjem og trimmar. Kva skjer med den? Nedlegging av skulen gjer at ei grend blir vekke, slik eg ser det - Ljøsne blir ein "soveby".

Partiet han representerer, Venstre, stilte altså mannssterkt i møtet på biblioteket på Ljøsne. Og meiningane rundt ei eventuell skulenedlegging ser ut til å sprika mykje for Venstre sitt vedkomande.

Olav Grøttebø, leiar i Lærdal Venstre, heldt fleire innlegg og tykte saka var umåteleg vanskeleg. Mellom anna tykte han det var litt flaut at ljøsningane måtte kjempa kampen om skulen stort sett åleine.

Vidare meinte han det over tid er overinvestert i skulebygningar grunna tilskot som har måtte brukast og nokre store kull som har vore - slik at bygningskapasiteten er vorten for stor i høve elevtal både på Borgund, Ljøsne og Lærdalsøyri. Og at Ljøsne no må svi for skral planlegging.

Grøttebø spurde seg også om det har vorte investert og satsa noko skeivt i kommunen:

– Det er vel investert meir på kunst og kultur i kommunen dei siste åra enn i skulane. Kva signal gjev det til småbarnsfamiliar? Kor mykje er det eigenteleg brukt på kultur?

– Det er brukt mykje, svarde ordfdørar Jan Geir Solheim.

– Ganske dramatisk å leggja ned ein skule

Grøttebø hadde ogspå med seg eit utdrag av "Konsekvensutgreiing og kommunedelplan E16 Tønjum-Ljøsne" frå 2011. Utdraget bestod av delrapporten "Anna arealbruk" kommunen laga for å vurdera kva val av E16-trase forbi Ljøsne ville ha å seia for mogleg arealbruk.

Rapporten konkluderer med seks nye bustadfelt på Ljøsne. Grøttebø meinte såleis at å leggja ned skulen der det ligg best til rette for nye bustader, verkar kortsiktig.

– Ein blir veldig fokusert på den økonomiske situasjonen og å løysa utfordringane her på kort sikt. Mitt perspektiv er det langsiktige, og då blir det ganske dramatisk å leggja ned ein skule, sa han.

Ordførar Jan Geir Solheim tok denne tråden vidare og nemnde mellom anna at det i ein periode vart skapt 58 arbeidsplassar i Lærdal og at 50 av desse arbeidstakarane måtte pendla inn. 

–Det er eit konkret tal, og me skapte arbeidsplassar for Sogn utan å få tilflytting til Lærdal. Det vil også skje veldig mykje i Håbakken i løpet av to år, spesielt når me kjem til 2018. Og dei siste åra har me i snitt fått tre nye hus og halvannan ny leilegheit i kommunen i året.

Olav Grøttebø meinte i utgangspunktet alternativet med eit oppvekstsenter på Ljøsne ville vera ei god løysing. Det vil seia at mellomsteget blir flytta ned på Øyri, medan 1.-4.klasse blir verande att på Ljøsne, pluss at ein får barnehage her.

– Problemet med denne er at det vil kunne syna seg lite attraktivt for lærarar med eit så lite arbeidsmiljø.

– Tida er der for å samarbeida meir og få større samhald i heile bygda

Alt i alt meinte Grøttebø Ljøsne skule bør oppretthaldast.

– Men det er enkelt for meg å seia som ikkje skal sitja i kommunestyresalen.

Den som skal sitja i kommunestyresalen for Venstre torsdag, er Astrid Trulssen. Ho understreka at dette på ingen måte var lett, men at ho hadde teke standpunkt i saka:

– Me har rett og slett ikkje råd til å oppretthalda Ljøsne skule. Det er ein ting. Så trur eg tida er der for å samarbeida meir og få større samhald i heile bygda. Det har vore klassar på Ljøsne med berre ein gut eller ei jente. Og for å gjera det klart; eg elskar Ljøsne, har alltid gjort det og kjem alltid til å gjera det. Ljøsne er den mest fantastiske plassen å bu, og det trur eg andre synst og vil synast også - sjølv om skulen skulle bli nedlagt.

Les også: – Me må bli ferdige med grendakampen

Ho fekk straks svar frå Bjørg Haugo i FAU:

– Blir Ljøsne så fantastisk? Eg kjenner folk som har lagt oppussinga på is til lagnaden for Ljøsne skule er avgjort.

Artikkelen held fram under biletet

DELT: Representantane til Venstre er delte i saka, her leiar Olav Grøttebø og vara til kommunestyret, Astrid Trulssen. I bakgrunnen, f.v.: Viktor Yttri, Anders Voll Eltun og Aleksander Mo (Alle Sp).
DELT: Representantane til Venstre er delte i saka, her leiar Olav Grøttebø og vara til kommunestyret, Astrid Trulssen. I bakgrunnen, f.v.: Viktor Yttri, Anders Voll Eltun og Aleksander Mo (Alle Sp).

– Høyrest jo ut som å satsa på skulen er reine Terra-investeringa

Samstundes tykte Edel Ørbeck Mo, også i FAU, at Trulssen sine synspunkt hadde mykje føre seg.

– Kvar og ein er seg sjølv nærast i denne saka. Eg er veldig delt og blir ikkje einig med meg sjølv.

Siste parti som var representert på møtet måndag kveld var SV. At Annike Vanberg si stemme i kommunestyret torsdag kjem til å gå for å oppretthalda Ljøsne skule herskar det lite tvil om:

– Ein lagar som regel ein skulebruksplan fordi ein skal spara pengar. Poenget er at viljen til å leggja ned Ljøsne skule var der lenge før økonomien vart dårleg. At det blir framstilt som om me må leggja ned Ljøsne skule for at det ikkje skal gå til helvete med heile kommunen, tykkjer eg er ganske spesielt. Det høyrest jo ut som å satsa på skulen er reine Terra-investeringa.

Til toppen