KJEMPAR FOR RV52: Kommunane i Interesseselskapet Rv52/Rv5 kjempar for å påvirke styresmaktene til å gjere Rv52 Hemsedalsfjellet med påkopling av Rv5, til ein av to hovudvegar mellom Vestlandet og Austlandet, slik Statens vegvesen tilrår. Det inneber mellom anna bru over ferjesambandet Fodnes-Mannheller på Rv5 og tunnel på Rv52 Hemsedalsfjellet, noko som gjer at både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane lett kan kople seg på dei mest effektive sambanda austover, som er E16 over Filefjell og Rv52 Hemsedalsfjellet. Foto: Ina Eirin Eliassen
KJEMPAR FOR RV52: Kommunane i Interesseselskapet Rv52/Rv5 kjempar for å påvirke styresmaktene til å gjere Rv52 Hemsedalsfjellet med påkopling av Rv5, til ein av to hovudvegar mellom Vestlandet og Austlandet, slik Statens vegvesen tilrår. Det inneber mellom anna bru over ferjesambandet Fodnes-Mannheller på Rv5 og tunnel på Rv52 Hemsedalsfjellet, noko som gjer at både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane lett kan kople seg på dei mest effektive sambanda austover, som er E16 over Filefjell og Rv52 Hemsedalsfjellet. Foto: Ina Eirin Eliassen

Nærmar seg ei avklaring om hovudveg mellom aust og vest

Avklaringa om kva som blir hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet er venta frå transportetatane før jul. Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, håpar samferdselsministeren kjem med med svaret alt i neste veke. 

Lærdal: Måndag og tysdag neste veke blir Høgfjellskonferansen 2015 arrangert av Statens vegvesen på Golsfjellet, der vegvesenets aust-vest-utgreiing vil vera ein raud tråd i programmet.

HÅPAR SVARET KJEM RASKT: Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, då han informerte kommunestyret om stoda.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Statens vegvesen er avhengig av ein god dialog med brukarane, slik at høgfjellsovergangane blir drifta best mogleg. Dette er dermed ein innspelskonferanse og eit forum for interessegrupper, næringsliv, og sentrale politikarar for å nemne nokre. Her vil vegdirektør i Statens vegvesen, Terje Moe Gustavsen, vera til stades i tillegg til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP). 

– Det er mange med store forventningar til dette møtet og eg håpar det kjem ei avklaring på kva alternativ som blir valt til hovudveg mellom aust og vest, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), som sjølv ikkje har moglegheit til å delta på konferansen.

– Har mykje støtte i ryggen

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), som skal på konferansen, er derimot ikkje like sterk i trua. 

IKKJE LIKE SIKKER: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) har tru på at avgjerda i alle fall kjem før jul.
IKKJE LIKE SIKKER: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) har tru på at avgjerda i alle fall kjem før jul.

– Eg ser fram til ei avgjerd, slik at me veit korleis me skal jobbe vidare gjennom Interesseselskapet (IS) Rv52/Rv5. Eg trur Rv52 Hemsedalsfjellet også vil koma bra ut etter innspela på konferansen i neste veke. Det kjem både tungvektarar frå Statens vegvesen, regjeringa og Stortinget, så det er mogleg me får ei avgjerd om kva som blir stamveg, men me får sjå. Alt kan skje i politikken, seier Aarvoll. 

Stiftingsmøte for  IS Rv52/Rv5 var i mars, der kommunane Gol, Hemsedal, Lærdal, Sogndal og Jølster tidleg teikna seg som medlem etter intitiativet frå Oddvar Grøthe (H), ordførar i Hemsedal. Fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane er positive, Buskerud fylkeskommune har vorte med i interesseselskapet og no nyleg Førde kommune. Flora er også ein av kommunane som no vurderer å bli med, delar av transportnæringa vil også henga seg på, og i tillegg er både NHO i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal positive til interesseselskapet. 

– Me har mykje støtte i ryggen, det er det ingen tvil om, seier Aarvoll. 

Avklaringa kan vera like rundt hjørnet

I Statens vegvesen sin tilråding som kom i januar, såg dei E134 Haukelifjell som den mest lønsame og Rv52 Hemsedalsfjellet som det raskaste alternativet, av fem alternativ til hovudveg mellom Oslo og Bergen. Difor tilrår dei at desse to alternativa til hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet bør inn i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018 til 2027.

Les også: Vinnarane er Rv52 og E134

Men om ikkje den politiske avklaringa kjem neste veke, kan det i alle fall vera like før. Odd Holde (H), lokalpolitikar i Hemsedal og sekretær for styret i IS Rv52/Rv5, fortel det har vore antyda politisk at det er eit ønske om ei avklaring før jul, då NTP skal ut på høyring i februar 2016. Men han trur likevel at det er for tidleg å få eit svar under konferansen neste veke, då saka ikkje har vore oppe til breiare politisk handsaming enno. 

– Me i IS Rv52/Rv5 ønsker i alle fall ei avklaring og at den blir riktig. Me får leva i håpet, seier Holde. 

Forlag til NTP kjem frå transportetatane kjem i vinter, noko som er ei viktig milepæl for kva vegar ein bør satse på. Så skal saka ut på høyring, der regjeringa legg fram sitt forslag våren 2017.  NTP skal opp til endeleg handsaming i Stortinget før sommaren 2017. 

Vil ha begge stamvegane på plass no

– Me har jobba intensivt med IS Rv52/Rv5. Me har hatt fleire møte og me har fått lagt fram vårt syn i saka til Linda Helleland (H), storstingsrepresentant og leiar for Stortingets transport- og kommunikasjonskomité tidlegare i oktober, fortel Solheim under orienteringa til kommunestyret 15. oktober. 

Han fortel at slik det no ser ut, kjem E134 Haukelifjell til å bli valt som ein av to stamvegar. Dermed står det andre slaget mellom Rv7 Hardangervidda på den eine sida og koplinga mellom Rv52 Hemsedalsfjellet og E16 over Filefjell på den andre sida.

– Det ligg i korta at E134 Haukelifjell blir valt som det eine alternativet til ny stamveg, då den kjem godt ut i utgreiinga til vegvesenet. Då er det lett å tenkje at dei ventar med det andre alternativet til stamveg. Men også Rv52 Hemsedalsfjellet kjem godt ut i utgreiinga, så lenge me koplar på ei bru over Sognefjorden. I møte med Helleland var me klare på at me ikkje ønskjer ei utsetting av dette alternativet, men at begge stamvegane må på plass no, seier Solheim.

Han fortel det også har vore god kommunikasjon også i etterkant av møtet i Oslo, og at det er det mest vellykka av statsrådsmøta han har vore på. Samstundes har Rv7 også eit interesseselskap, som starta opp i 2001, og no kjempar for at hovudvegen skal gå over Rv7 Hardangervidda. Slik sett er vegkampen på langt nær over. 

Les også: ​Testar vegane frå aust til vest

 

Retting: Porten.no skreiv først i saka at Linda Helleland (H), storstingsrepresentant og leiar for Stortingets transport- og kommunikasjonskomité under eit møte med IS RV52/Rv5 6. oktober, hadde gitt signal om at den politiske avklaringa skulle kome før jul. Ifølgje Odd Holde (H), lokalpolitikar i Hemsedal og sekretær for styret i IS Rv52/Rv5 og Oliver Husøy, i Høgres stortingsgruppe, som også var på møtet, har det her skjedd ei forveksling, då dette ikkje kom fram på møtet, men heller stammar frå samferdselsministeren som i september uttalte eit ønske om å få ei avklaring før jul. 

Til toppen