NAUDNETT: Dei fleste naudetatane i fylket er no i gang med opplæring før dei kan ta nettet i bruk. Illustasjonsfoto: Jan Christian Jerving
NAUDNETT: Dei fleste naudetatane i fylket er no i gang med opplæring før dei kan ta nettet i bruk. Illustasjonsfoto: Jan Christian Jerving

Nærmar seg ferdigstilling av naudnettet

I alt er 189 basestasjonar sett opp i Sogn og Fjordane, noko skal bety større tryggleik for folk flest. 

– Det nye naud- og beredskapsnettet gir betre talekvalitet og dekning for naudetatane, og mogleggjer meir samhandling mellom etatane. Nettet gjer livet tryggare og er betydeleg betre enn slik det var, forklarar Morten Ellingsen, kommunikasjonsrådgjevar ved direktoratet for naudkommunikasjon. 

Overlappande nett

Til dømes ved ei ulykke, kan naudetatar opne ei felles samtalegruppe, noko som gjer det lettare å samarbeide og få hjelpa din den trengs. Nettet er landsdekkande, og basestasjonane overlappar kvarandre. 

– Skjer det store ulykker, skal det også vera nok kanalar og kapasitet på nettet, fortel Elllingsen. 

I sluttfasen

Nettet er no heilt i sluttfasen der det er kring ti master som enno ikkje er sett i drift.

NRK Sogn og Fjordane skriv at den eine masta er sett opp ved Fv 53 Tyin - Årdal, ikkje langt ifrå Holsbru. Då tre menneske vart drepne ved Holsbru 4. november 2013, var dårleg kommunikasjon eitt av problema for naudetatane. 

– Når dei siste mastene er i drift, vil det bety enda betre dekning, då dei overlappar kvarandre. Så er det opp til dei ulike etatane å ta det i bruk, forklarar Ellingsen til Porten.no.

– SER LOVANDE UT: Brannsjef i Årdal og Lærdal Gaute Johnsgaard. Arkivfoto
– SER LOVANDE UT: Brannsjef i Årdal og Lærdal Gaute Johnsgaard. Arkivfoto

Branvesen er i gang med opplæring

Gaute Johnsgaard, brannsjef for Årdal og Lærdal, fortel at brannvesenet no er i gang med opplæring og utsprøving av det nye nettet. 

– Me har prøvd det og testa det mellom anna opp mot fylkesgrensa. Slik det ser ut til no har me mykje betre dekning, det er enkelt å bruke nettet, noko som gir store moglegheiter. Hittil er me veldig positive, seier Johnsgaard. 

Brannvesenet i Årdal og Lærdal skal ta i bruk det nye naudnettet frå veke 41 i oktober. 

Politiet er alt på nett

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane, var politidistriktet i fylket alt påkopla nettet i mai og det var klart til bruk 18. juni. Operasjonsleiar Bengt Næss, seier til NRK, at det har vore eit stort framsteg og at nettet fungerer klokkeklart.

Politiet har no god dekning over store delar av distriktet og plassar dei ikkje har hatt dekning tidlegare.

SKAL STARTE OPPLÆRINGA: Frode Myklebust, kommunelege og legevaktsjef ved Lærdal sjukehus. Arkivfoto
SKAL STARTE OPPLÆRINGA: Frode Myklebust, kommunelege og legevaktsjef ved Lærdal sjukehus. Arkivfoto

Helse ligg litt etter

Utpå hausten tek Alarmsentralen i Florø i bruk nettet. Ellingsen fortel at AMK-sentralen til Helse Førde også tek sikte å ta  nettet i bruk i løpet av hausten og seinast 4. kvartal av 2015. Vidare fortel han etter opplysningar frå Helsedirektoratet at siste legevakta i fylket tek sikte på ta nettet i bruk utpå nyåret i 2016. 

Kommunelege og legevaktsjef i Lærdal, Frode Myklebust, fortel at det er AMK-Helse Førde som har ansvaret for organiseringa og gjennomføringa i Indre Sogn, som har ein annan innfasingsplan enn dei andre naudetatane. I løpet av hausen skal dei tilsette i kommunane få den naudsynte opplæringa, men han rekner ikkje med at dei kan starte opp for fullt med å bruke nettet før på nyåret. 

– Det er eit godt koordinert opplegg i fylket. Me må berre halde oss til føringane frå AMK-Helse Førde, seier Myklebust.  

Tunnelar

Naudnett finn du også i Borgundtunnelen, Borlaugstunnelen, Seltatunnelen, Lærdalstunnelen og Tuftåstunnelen på E16 i Lærdal, i tillegg til Fodnestunnelen på Rv 5. I Årdal er det naudnett på Fv 53 Naustbukttunnelen. 

NETT I TUNNELAR: Lærdalstunnelen på E16 mellom Lærdal og Aurland. Arkivfoto
NETT I TUNNELAR: Lærdalstunnelen på E16 mellom Lærdal og Aurland. Arkivfoto

 

Til toppen