NÆRMAR SEG JUL: Juletida blir offisielt opna med både fakkeltog, julesongar, nissar og det som måtte høyre ei julegrantenning til. Biletet er frå julegrantenninga på Årdalstangen i fjor. Arkivfoto
NÆRMAR SEG JUL: Juletida blir offisielt opna med både fakkeltog, julesongar, nissar og det som måtte høyre ei julegrantenning til. Biletet er frå julegrantenninga på Årdalstangen i fjor. Arkivfoto

Nærmar seg julegrantenning, med mykje attåt

Onsdag brakar det laus med julegrantenning på Årdalstangen, medan torsdag er står julegrantenninga i Øvre Årdal for tur. Her blir det med andre ord mykje å gle seg til for både liten og stor. 

Årdal: I desse dagar er det mange krefter i sving no som førjulstida nærmar seg for alvor. Her har både frivillige, lag og organisasjonar teke i eit solid tak, for at både ungar og vaksne kan kome saman for å gle og kosa seg i lag både på Årdalstangen og i Øvre Årdal.

Først ut er julegrantenninga på Tangen

På Årdalstangen går startskotet for fakkeltoget frå Rema 1000 til rådhuset onsdag klokka 17. Men før julegrana blir tent og Årdalstangen musikklag sett deg i den riktige julestemninga, skal peparkakelandsbyen, som er nytt av året, bli opna. 

Den vil du finne i både utstillingsglaset bak busshaldeplassen i sentrum og på rådhuset. Bidraga kjem frå både barnehagane og skulen på Årdalstangen, og dei som har hatt lyst og tid til å vera med for å skapa julestemning i dei tomme utstillingsvindauga. Og lurer du på om du framleis kan levere bidrag til landsbyen, er det ikkje for seint, fortel Margot Strøm, som er på plass for å ta imot og installere landsbyen i dagane fram til og med onsdag. 

I desse dagar er også Tangen køyre- og rideklubb i full gang med å pakke godteposar til ungane, og stiller i tillegg med både hest og nisse. Du finn også julemarknad, der fleire har gått i lag for å selje mellom anna heimelaga julebakst i kjellaren på det gamle Tisku-lokalet. 

Samlar seg på torget i Øvre

Torsdag står julegrantenninga i Øvre Årdal for tur. Her startar fakkeltoget i fire ulike himmelretningar klokka 16.45, før dei treffes på torget framfor Gamleskulen brukthandel- og aktivitetssenter. Julegrana skal sjølvsagt tennast og du får sjansen til å gå rundt den lysande grana til kjende og kjære julesongar spelt av Øvre Årdal Janitsjarkorps. Kring 50 ungar frå koret KuDaMuDra skal synge julesongar på trappa på Gamleskulen og Farnes skulekorps har pakka godteposar som ein tropp med nissar får æra av å dela ut. 

– Dette er rett og slett ein kollektiv kjempedugnad av frivillige lag og organisasjonar. Det har faktisk vorte så mange som bidreg at det er vanskeleg å halde oversikten, seier Helge Øren i Øvre Årdal Janitsjarkorps. 

Det er også fleire marknader på gang på torget. Steinar Drægni, leiar for Frivilligsentralen i Årdal, fortel at på Gamleskulen har dei sanka det dei har kome over av juleting i eitt heilt år, så manglar du juleutstyr er det berre å ta turen. Her vil også Årdal Turlag vera tilstades med julekalendarar og ei elevbedrift står for sal av kake og kaffi for å nevne noko. I tillegg driv lokale kunstnarar å riggar seg til for julemarkned i lokalet under Samhald. 

– Det blir rett og slett aktivitet over heile fjøla. Her osar det av god dugnadsande, seier Drægni. 

Både han og Øren har god tru på at torget vil fyllast med over 1000 personar denne torsdagen, då ein har vore oppe i det talet tidlegare år. 

– Det hadde vore flott om me greier det også i år, seier Øren. 

Til toppen