NY KAMP: Biletet er frå sesongens første kamp mot Sotra 2, som årdølene tapte 10-29. Arkivfoto: Siren Svortevik
NY KAMP: Biletet er frå sesongens første kamp mot Sotra 2, som årdølene tapte 10-29. Arkivfoto: Siren Svortevik

Nærmar seg ny heimekamp for handballjentene

Jotun/ÅTIL møter laurdag Bergen Studentidrettslag (BSI) på heimebane til andre kamp for sesongen. Du kan høyre kampen direkte her. 

Årdal: Laurdag ettermiddag skal samarbeidslaget Jotun/ÅTIL i 3. divisjon ut i sin andre kamp for sesongen, etter sesongstarten for vel ein månad som enda med stortap mot Sotra 2. 

Les også: Stortap for handballdamene

Då hadde årdølene knapt trena i lag i to veker før kampen mot nyopprykte Sotra 2, der hovudtrenar for Jotun/ÅTIL, Óli Sveinsson, uttalte at det var alt for tidleg å meina noko om det ferske laget, men at det var mykje å jobbe med for å utvikle laget i tida framover. 

Nokre nye namn får prøva seg

Også sesongens andre kamp mot BSI, går på heimebane i Årdalshallen. BSI har også tapt den einaste kampen dei har spelt så langt i sesongen. 

Jotun/ÅTIL stiller med full tropp, men det vil kome nokre endringar frå forrige kamp slik at også nokre nye jenter får prøva seg. 

UNGT LAG: Óli Sveinsson, hovudtrenar for Jotun/ÅTIL seier jentene må få nokre kampar på seg før ting sett seg. 
Foto Ina Eirin Eliassen 

– Korleis ligg de an no? Jentene heng ikkje med hovudet etter tapet mot Sotra 2?

– Me har ikkje brukt tid til å tenka på den første kampen. Dette er ein utviklingsperiode, det er der fokuset ligg. Me møter eit studentlag og veit ikkje kva dei stiller med av spelarar, fortel Sveinsson. 

Må bli betre framover og bakover

Russe-tur og haustferie har gjort at laget ikkje har fått trena optimalt i tida før laurdagens kamp. Under kampen mot Sotra slapp årdølene inn 29 mål bakover og sette berre 10 mål framover. Trenaren er klar på at laget må forbetre prestasjonane på begge sidane av banen, før ein kan byrje å snakke om resultat, noko dei no jobbar med. 

– Jentene må få nokre kampar på seg før ting sett seg. Det handlar om fysikk, speleforståing og rutine, då det er eit ungt lag, seier Sveinsson. 

Tabellen for kvinner 3. divisjon, avdeling 10, finn du her. 

Kampen kan du følge direkte her på Porten. Kampstart er klokka 16.15. og kommentator er Kent Fimreite. 

 

Til toppen