Nærmar seg opning av ballbinge

Men ballbingen på Borgun i Lærdal er ikkje berre for fotball. Den kan nyttast til basketball, volleyball og på vinterstid til isaktivitetar som hockey. 

Planen er å opne ballbingen under den årlege sankthansfeiringa på Postaabneriet Pub og Cafe på Borgund, der det vil vera både grilling og konkurransar. Men i år blir det litt ekstra feiring. Både ordførar og førstekandidatane vil bli invitert til fotballkamp, for for å offisielt opne ballbingen. 

Plukka opp att tråden

Elevane i Borgud begynte med prosjektet for kring 15 år sidan, så vart tråden for alvor plukka opp att for kring halvannan år sidan av både forelde i FAU, Borgund skule og rektor Torfinn Grøttebø, i tillegg har Borgund Utvikling vore involvert i prosjektet. Det er Lærdal kommune som står som eigar av anlegget. 

– Målet var å få på plass ballbingen i fjor, men me rakk det ikkje før i år, fortel Kjell Rune Humborstad, som har vore frivillig vald prosjektleiar, og er både forelder og styremedlem i Borgund Utvikling. 

På dugnad

23. mai var 12 stykk i sving for å bygge ballbingen. I tillegg stilte Audhumba 4H opp med  både mat og drikke. Graving og forskalinga var då alt unnagjord av Borgund Mur og Entreprenørservise AS. 

– Det var ein flott innsats av alle som stilte opp på dugnaden. Me fekk ikkje nei frå nokon av dei me spurde. Det er viktig for unge å ha noko å gå til på ettermiddag og kveld. Med ballbinge på plass i alle grender i Lærdal, er viktig for utviklinga av idretten blant dei unge, seier Humborstad. 

No står det berre att småplukk og pynt for ballbingen er klar til bruk.

For å få meg seg meir av det som skjer i Borgund, følg også heimesida Bu i Borgund. 

Til toppen