AUKA TRAFIKK: Selskapet Norwegian Fjord Voyage har søkt om løyve til å setje den gamle lokalbåten MS Bruvik i trafikk på Nærøyfjorden til sommaren. Fjord2 har òg planar om å auke avgangsfrekvensen sin i verdsarvfjordane. Foto: Tor-Egil Farestveit (Public domain)
AUKA TRAFIKK: Selskapet Norwegian Fjord Voyage har søkt om løyve til å setje den gamle lokalbåten MS Bruvik i trafikk på Nærøyfjorden til sommaren. Fjord2 har òg planar om å auke avgangsfrekvensen sin i verdsarvfjordane. Foto: Tor-Egil Farestveit (Public domain)

Nærøyfjord-prosjekt uroleg for auka trafikk

Styret i Nærøyfjorden Verdsarvpark er uroleg for den planlagde trafikkauken på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden til sommaren.

Lærdal: To selskap har søkt om å få utvide rutene sine i dei to verdsarvfjordane, og administrasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune rår politikarane til å seie ja.

Men Nærøyfjorden Verdsarvpark meiner styresmaktene burde stille strengare miljøkrav til turisttrafikken.

– Vi synest lite om at det er fritt fram i høve til trafikkauke. Det verkar som samferdselsutvalet og direktøren for samferdsel ikkje har stilt krav i det heile, seier nestleiar Leif Inge Underdal i verdsarvprosjektet til NRK.

Fryktar for eksklusiviteten

Underdal er mellom anna uroleg for at eksklusiviteten som ligg i fjordproduktet, skal vatnast ut om trafikken blir for stor.

– Når eg seier det skal forvaltast strengare, så er det ikkje for å redusere næringsaktiviteten, men for å få meir næringsmessig, lokal verdiskaping og i større grad stimulere busetnaden i området. Ein av dei viktigaste kvalitetane er nettopp at det bur folk her, seier Underdal.

– Ikkje som ved anbod

Samferdselsdirektør Velaug Veum i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier fylket ikkje kan stille andre krav til rutetrafikken enn at fartøya oppfyller lovkrava.

– Alle rutene på Nærøyfjorden er kommersielle. Fylkeskommunen kan ikkje stille krav til fartøy slik vi kan gjere i ein anbodskonkurranse, seier Veum i ein e-post til NRK.

– Vi kjenner ikkje til kva grunnlag styret i verdsarvparken har for å slå alarm. Her bør vel fagfolk gjere vurderingar om kva nivå eventuelle miljøutfordringar er på, seier ho. (©NPK)

Til toppen