INNLEGG: For vel eit og eit halvt år sidan vart nærpolitireforma vedteken i Stortinget. Det var då eit forlik mellom Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. No, for to veker sidan, kom tilrådinga frå Politidirektoratet. Totalt skal 126 lensmannskontor over heile landet leggjast ned, til fordel for sentralisering og store fagmiljø.
I Sogn og Fjordane er det sagt at 11 lensmannskontor vil verte lagt ned. Dette vil fjerne tryggleiken til folket, og vil føre til at færre får den hjelpa dei treng, når dei treng den.
Les også: Aurland klagar på nedlegginga av lensmannskontoret
Les også: Ho vil kjempe for lensmannskontoret
Politi er ikkje berre utrykking. Det er og førebygging for og med innbyggjarane i dei enkelte kommunane. Det vil verte vanskelegare for politiet å drive førebyggande arbeid når dei blir sentralisert, og dei akutte og mest alvorlege sakene vil gå først.
Det viktigaste for Senterungdomen er at folket vert sett først, med tryggleik og nærleik som dei viktigaste faktorane. Sogn og Fjordane Senterungdomen vil:
- At responstida skal vere so kort som mogleg
- At politiet framleis er lokalt forankra og kan driva førebyggjande arbeid
- Ikkje svekkje dagens struktur av lensmannskontor med nedlegging
Fylkesårsmøtet Senterungdomen Sogn og Fjordane, 29.1.17