BIDROG: Aurland Røde Kors bidrog med å frakte den omkomne kvinna ned frå turområdet i Aurlandsdalen. Foto: Anders Veum.
BIDROG: Aurland Røde Kors bidrog med å frakte den omkomne kvinna ned frå turområdet i Aurlandsdalen. Foto: Anders Veum.

Namnet på den omkomne er frigitt

Det var Maria Tzekova frå Canada som tysdag ettermiddag vart funnen død i Aurlandsdalen.

Aurland: Det opplyser politiet i Sogn og Fjordane via Twitter. Det var rundt 14.00 tysdag at politiet fekk melding frå ein turgåar om at han hadde funne kvinna mellom Almen og Sinjarheim.

Politi, Røde Kors og luftambulanse vart sendt til staden, som er omtrent ein time å gå frå Vassbygdi. 

Artikkelen held fram under biletet.

FALT: Kvinna som omkom hadde falt 20 meter utfor stien og deretter sklidd 30 meter nedover ei steinur.
FALT: Kvinna som omkom hadde falt 20 meter utfor stien og deretter sklidd 30 meter nedover ei steinur.

Kvinna hadde falt rundt 20 meter utfor stien og deretter sklidd 30 meter nedover ei ur. 

Fem personar frå Aurland Røde Kors vart sendt til å bere kvinna ned til næraste landingsplass for helikopter. Det er bratt og ulendt terreng i området.

Til toppen