AKSJON: Ei kvinne er sakna i området rundt fjellet Vidmesnosi (markert på kartet) i Flåm og store styrkar blir sett inn i leitinga.
AKSJON: Ei kvinne er sakna i området rundt fjellet Vidmesnosi (markert på kartet) i Flåm og store styrkar blir sett inn i leitinga.

Namnet på den omkomne frigjeve

Den canadiske kvinna vart funnen omkomen klokka 20.01 måndag kveld.

Aurland: Det var 24 år gamle Erika Timoshenko som blei funnen omkomen i eit ulendt område rundt Vidmesnosi i Flåmsdalen måndag kveld.

Kvinna vart måndag føremiddag meldt sakna i Flåm. Politiet i Sogn og Fjordane twitra klokka 12.30 at det vart organisert leiteaksjon med bakkemannskap frå Rødekors og redningshundar. Vidare at Sea King-helikopter frå Florø var på veg.

NRK Sogn og Fjordane melde at det var snakk om ei kvinne i 20-åra som gjekk på tur åleine, truleg i området rundt fjellet Vidmesnosi. Kvinna la ut på turen søndag og var observert klokka 6 om morgonen. Sidan hadde ingen sett henne.

Klokka 22.36 i kveld melde politiet at kvinna vart funnen omkomen klokka 20.01. Funnet vart gjort etter signalutslag på mobil.

Til toppen