Årdal: Friluftsbadet i Øvre Årdal opnar laurdag, knappe to veker før skjema.

– Når me fekk det gode vêret, så hadde me lyst til å opna det tidlegare enn planlagt. Og det fekk me til, seier Frank-Runar Øren.
Saman med resten av den faste gjengen har han jobba på spreng den siste tida. Tre vekers jobb har blitt komprimert til ni dagar.
Ikkje ein dag for tidleg, vil mange meina.
– Me har kjent på presset frå heile bygda, såpass må me innrømma, seier Siren B. Svortevik.
Les òg: Fyrste utandørsstemne i Årdal på 21 år: – Folk heilt frå Moss har sagt dei vil koma
(Artikkelen held fram under biletet.)

Etterlengta opning
Ho fortel humoristisk at ho har halde seg unna Facebook og endåtil kvia seg for å gå ut døra, av frykt for å møta utolmodige årdøler. Det er ikkje alle som skjønnar at det skal meir til enn å skru på ein brytar før dei er klare.
Det strålande vêret var det heller ingen som kunne forutsjå.
– Hadde me hatt kontaktar der oppe, så hadde me nok vore kjappare, seier Svortevik og peikar mot himmelen.
Den offisielle opninga skal framleis vera 22. juni. Held sommarvêret seg framover, er det likevel mogleg at dei vil greia å halde det ope nokre ekstra dagar framover.

Tør ikkje heilt vera optimistar
Utfordringa er om dei har nok arbeidskraft.
– Opninga er sett til skuleslutt, fordi det er då me har ferievikarar, seier Øren.
Fjorårssesongen vart prega av dårleg vêr, noko førte til dårleg besøk. I år håpar dei på ein opptur, men tør ikkje vera for optimistiske.
– Me kvir oss litt kvart år for å opna friluftsbadet, for då blir det dårleg vêr. Det er standard, seier Svortevik.