DRAMATISK NEDGANG: Då villreinutvalet i Vest-Jotunheimen villreinområde skulle telja i vinter, manglar omtrent halvparten av stammen på 400. Slik er også stoda i Lærdal-Årdal villreinområde. Foto: Harald Skjerdal. 
DRAMATISK NEDGANG: Då villreinutvalet i Vest-Jotunheimen villreinområde skulle telja i vinter, manglar omtrent halvparten av stammen på 400. Slik er også stoda i Lærdal-Årdal villreinområde. Foto: Harald Skjerdal.  (Foto: Arkiv)

Når dei skulle telje villreinen, mangla halve bestanden

Villreinområde rundt Årdal og Lærdal skulle eigentleg ha hatt dobbelt så mange villrein enn det teljinga viser.

Årdal: – Me har ein bestandsplan som seier me skal ha ei teljing ein gong i ein periode på fire år. Når me talde no, hadde me 222 rein og skal ha nærare 400, seier Vidar Moen, som er leiar i Vest-Jotunheimen villreinutval.

Slik er også stoda i villreinområdet Lærdal-Årdal. No jobbar utvala med å finne ut kva som skjer med villreinen.

– Det har vore ein forholdsvis høg kalveproduksjon, men no er det lite. Ein eller annan plass forsvinn dyra, seier Moen vidare.

UTVANDRING: Leiar i utvalet, Vidar Moen, trur det minkande talet kan skuldast utvandring eller sjukdom. Arkiv
UTVANDRING: Leiar i utvalet, Vidar Moen, trur det minkande talet kan skuldast utvandring eller sjukdom. Arkiv

Utvandring og sjukdom

Han fortel at dei har funne fem dyr i ras og fire andre som kan ha gått gjennom isen, men når så mange forsvinn, er det meir sannsynleg snakk om utvandring eller sjukdom, trur han. 

– Me opplevde det same i 2007, og då kunne me dokumentera sjukdom. Det er mange faktorar som spelar inn, som tilgang til mat, rovdyr og menneskeleg aktivitet i fjellet. 

Etter det året var det stopp i jakta frå 2008 til 2013 for å byggja opp att stammen. Dei siste to åra i 2014 og 2015 vart det opna for jakt att.

– Fjellvegen over til Turtagrø kan vere ein barriere for reinen med dei brøytekantane som no oppstår ved brøyting. Det er omsyn ein må ta, og me har god dialog med dei som brøyter om at dei skal ta omsyn til det. I helga skal det også være aktivitet i fjellet, og me ser det er ein samanheng med menneskeleg ferdsel og adferden til rein, seier leiaren i villreinutvalet vidare.

Ny teljing i sommar

For å få betre oversikt ønskjer no utvalet å fly helikopter i fire timar for å gjennomføra ein minimumsteljing og har søkt Luster og Årdal kommune om høvesvis 25.000 kroner. Sjølve teljinga vil finne stad seinare i sommar for ikkje å skremme reinen midt i kalvinga som startar om 14 dagar. Denne summen sa formannskapet ja til å løyve.

– Det syner at kommunen er med på å ta det ansvaret ein skal ta. Talet på villrein er ein indikasjon på tilstanden i fjellet. Forvaltar me vekk villreinen, har me gjort noko gale, seier Moen. 

Artikkelen held fram under biletet.

NY TELJING: Utvalet har søkt kommunane Årdal og Luster om midlar til å gjera ei ny minimumsteljing med helikopter i sommar. 
NY TELJING: Utvalet har søkt kommunane Årdal og Luster om midlar til å gjera ei ny minimumsteljing med helikopter i sommar. 

– Me er heldige som har villrein i Vest-Jotunheimen. Det er viktig å få kartlagt den og følgja med på korleis den utviklar seg. Siste teljing viste berre 222 dyr, og det er ein dramatisk nedgang. Det er viktig å finne ut av årsaka til det, sa Sandra Opheim (MDG) i det møtet. 

Inga jakt til hausten

Etter nokre år med stopp i jakta, vart det gjeve løyve på høvesvis 100 og 85 dyr i 2014 og 2015. I det same møtet stilte Erling Offerdal (Sp) om det eigentleg var så lurt å opne for jakt så fort.

– Når ein set i gong ei jakt på 100 dyr første året, kan ein stille spørsmål om dette blir handert på riktig måte. Det er veldig uheldig etter ein lang periode utan jakt. Det er ikkje berre i vår reinstamme, men i heile Sogn er talet negativt, sa han og føreslo at det kanskje kunne vera lurt å gjera desse teljingane oftare.

Ein ting er iallfall sikkert. Slik det ser ut akkurat no, blir det inga jakt til hausten.

– Me hadde ein plan for kor mange dyr me skulle ta ut i ein fireårsperiode, men no går me inn og stoppar det. Når tilveksten er slik som han er, er det katastrofe å ta ut 50-60 dyr til. Det blir å skyta seg sjølv i foten, seier Moen.

Til toppen